ness
18-apr-2005

A Perfect Murder (1998)

A Perfect MurderIMDb: 6.4/10 (9,618 votes)

Eg såg denne filmen på TV i går, og tykkte faktisk den var god. Ein perfekt søndagsfilm. Som ein nyinnspeling av ein gammal Hitchcockfilm, «Dial M For Murder», så var det venta at den skulle vere god innimellom. Hitchcock er jo ikkje kjent for ingenting.

Michael Douglas passar godt som rik forretningsmann, ei rolle som eg har sett han i fleire gonger før. Viggo Mortensens rolle var litt svak, han er verken ond eller mystisk nok. Men likevel er filmen god, og grei som sagt på ein søndagskveld, med eit glas fruktjuice til.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
24-mai-2004

Holes (2003)

HolesIMDb: 7.3/10 (3,640 votes)

Stilig film. Underhaldande, morsom, spenningsfyllt. 2t godfilm.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10