«The Assassination of Jesse James by the Coward Robert Ford» er det stikk motsette av «Superbad», dønn seriøs og dyster i bøtter og spann. Eg er ingen spesialist på western, så når eg seier at dette ikkje virkar som ein ekte western kan det godt vere eg er på jordet. Den gjer iallfall ikkje noko ut av å vere det, her er det ei god historie som tek all merksemda. Skytinga er fandenivoldsk rå, mindre tilstadeverande i filmen, men skikkeleg skarp på lydsporet. Saman med mange andre ting imponerte dette meg. Mest av alt likte eg filmen fordi den klarar å fortelje historia utan mykje dilldall, og at den framleis held høg stand etter det ustanselege skjer når den er sopass lang som den er. Skryt må også Brad Pitt og Casey Affleck få. «TAoJJbtCRF» er nok ein av dei mest komplette nye filmane eg har sett denne hausten og leverar over heile linja.
