Chisum (1970)
John Simpson Chisum var ein rik herremann innan kvegdrift på andre halvdel av 1800-talet. Denne relativt frie tolkinga satt til eit av hans seinare leveår, 1878, kastar lys på kjennskap til legender som Pat Garrett og Billy the Kid, utan å gå forbi verken «Pat Garrett & Billy the Kid» eller «Young Guns II» når det kjem til kalde fakta - det er vel ingen av filmane si sterke side.
I «Chisum» er det den sleipe forretningsmannen Mr. Murphy som er årsaka til oppstyr. Murphy er av kjent kaliber, på veg til rikdom og makt er det ingenting som kan stoppe han, vel, ingen utanom John Wayne som Chisum. Chisum har i si tid vore oppi nok av bråk, alderen har likevel forma han til det betre og i sitt 54. leveår er han ein rettferdig mann som står på folket si side mot kapitalisten Murphy sitt opptog i småbyen Lincoln, som rettferdig og ikkje minst rettskaffen skal det meir til enn misliking av Murphy for å snu dagleglivet på hovudet. Ein konfrontasjon er vel alltids uungåeleg?
John Wayne gjer ikkje si sterkaste rolle som Chisum, då personlegheita til kvegdrivaren krev litt ekstra i enkelte sekvensar enn det Wayne ser ut til å kunne by på. Ikkje for å sei at han på nokon måte er dårleg, men i lys av at eg stort sett har sett «Rio Bravo» og «The Searchers» hamnar dette eit hakk under. Som eit meir actionprega western er det elles ein god film, technicolor og stødig kameraføring er med på å trekke opp inntrykket av ein solid produksjon. For ein uerfaren innan westernfilm som meg sjølv er det likevel artig at spennande namn, eigne tolkingar av tidlegare legender, dukkar opp og bidreg til eit fargerikt persongalleri.
Forutan «Chisum» som hyggeleg midlertidig følgesvenn er kommentarane mine få.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

(0 hittil)