American Pie Presents: Beta House (2007)
Det finst nok berre ei håndfull mengde menneske som vil finne ein anmeldelse av den tredje «American Pie» spin-offen interessant, dei fleste eg har høyrt uttale seg om «American Pie» (og då snakkar eg om den første og beste filmen) har gjort det i negativ forstand. Om ein tek nr 3, «American Wedding», og dei følgande spin-offane til grundigare forsking er det lite å finne som kan tale for kvalitet. Så har det seg slik at eg har eit soft-spot for «American Pie», til dei grader at eg framleis har nokre små grå som kriblar etter å sjå det som dukkar opp, pluss at når det kjem til dårleg film så er collegehumor ein av få sjangrar eg taklar utan problem - faktisk synst eg det er rett så morosamt ein sjeldan gong.
«Beta House» fortset der «Naked Mile» slapp, den er like meiningslaus og har like mange nakne damer, den er dog eit hakk drøyare på rølpeskalaen. Ved sidan av Stiflerslektningane frå «Naked Mile» er Eugene Levy (pappaen til Jimbo) den einaste med frå tidlegare, han er òg den einaste som har dukka opp i alle «American Pie» og «Am. Pie Presents», litt synd i mannen som ikkje har ein betre karriere enn som. I «Beta House» er handlinga, som det tek 500 par puppar å komme til, som ein bleik, blass, falma kopi av «Animal House» (den kanskje beste National Lampoon-filmen) - Betabrødrene har irritert Geekbrødrene til den grad at støvet blir blåst av gullhammaren og det blir den første runden med The Greek Olympiad på 40 år.
Greia er at sjølve handlinga til filmen ikkje er spesielt viktig, ingenting anna enn å køyre på med så mykje exploitationmateriale som mogleg er viktig, i tillegg til nakne damer er det dvergar, sauer, øl, spying, jepp - same ol’ same ol’. Ikkje finn på å sjå denne om du har hatt problem tidlegare i rekka av «American Pie»-filmar. Kan du derimot like det f.eks. National Lampoon har levert dei siste åra går nok dette ned lettare enn hestesæd vil eg tru.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

(2 hittil)