Live Free or Die (2006)
John «Rugged» Rudgate (Aaron Stanford) er ei legende for dei kriminelle handlingane i heimbyen sin. Rykta skal ha det til at han har drept ein mann, rykter han sjølv har planta. På utkik etter parternar han kan tene peng via blir han gjenforent med «Sped», Special Ed Lagrand (Paul Schneider), bekjent frå barndommen av. Som namnet tilseier er ikkje Ed direkte normal. Med han på eine sida og wannabe hardkriminell Rugged på andre sida er det lagt opp til ei rekke uheldige handlingar, idiotiske løysingar, opplagte forviklingar osv.
«Live Free or Die» er i motsetning til halvnamnebroren med Bruce Willis, ein lågbudsjettsfilm, med dei følgende det har. Her merkast det først og fremst på skodespelarfronten, tross birollar av både Michael Rapaport og Zooey Deschanel så er det ingen som sler an. Eit iherdig forsøk på å skape eit morsomt lite nærmiljø lykkast berre halvveges. «Live Free or Die» manglar gnisten som gjer at filmen utmerkar seg. Det visuelle er litt kjedeleg og handlinga manglar originalitet. Dårleg blir det aldri, små gullkorn som bl.a. karakteren Lagrand sine spesielle fakter ror det i land til slutt.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

(0 hittil)