The Ice Storm (1997)

IMDb: 7.5/10 (15,404 votes)

The Ice StormFrå regissør Ang Lee, mannen bak «Snikende tiger, skjult drage», får me servert ein film som balanserar mellom varme og kulde. Året er 1973, og i ein forstad i Connecticut møter me ein gjeng med folk som alle strevar med sine personlege forhold. I tillegg til spenninga på dette planet, og ja, varme blant enkelte menneske, så er det duka for ein av dei kaldaste vinterdagane mens Watergate-skandalen går sin gang via media.

«The Ice Storm» er eit mekka for forholdsinteresserte filmentusiastar, og for dei som elles er glad i å sjå dagens kjete skodespelarar i tidlegare rollar. I tillegg til å vere første filmen til Katie Holmes, er det ein ung Elijah Wood me møter. Men det er den grå settingen og eit meir opent og avslappa forhold til mellommenneskelege forhold som som gjer at denne filmen blir interessant for min del.

8/10

Brokeback Mountain (2005)

IMDb: 8.1/10 (16,779 votes)

Brokeback MountainSå har eg fått sett den sjølv, ein av år 2005 sine mest omdiskuterte filmar. For å vere ærleg, så er det faktisk eit veldig godt drama, og trist. Filmen strekk seg over mange år, og ting skjer difor i eit visst tempo. Det er ingen openheit om kva folk eigentleg tenker her, men meir av ei fluge på veggen film. Du ser det som skjer, men du veit ikkje kvifor folk gjer det dei gjer, og ikkje.

Det er ikkje til Ã¥ unngÃ¥ Ã¥ nemne at filmen handlar om to homofile, det er grunnmuren i filmen, og hadde ein erstatta eine fyren med ei dame… sÃ¥ hadde kanskje filmen vorte sÃ¥ meiningslaus at den hadde vore artig? PÃ¥ grunn av at det omhandlar to homofile, sÃ¥ har eg delte meiningar om dei mest intense scenene. Det er godt skodespel, men det blir ein distanse mellom dette og mitt syn pÃ¥ røynda.

7/10