ness
19-jul-2007

Roman (2006)

IMDb: 5.9/10 (291 votes)

RomanFor første gong på ei god stund tok eg i dag ein råsjans ved å sjå ein relativt ny, smal, lågbudsjettsfilm som eg ikkje hadde høyrt om på førehand. Mest på grunn av Kristen Bell, men og fordi eg håpa å bli overraska.

Roman jobbar med sveising og denslags, har minimale, om kanskje ingen sosiale antenner. Høgdepunktet på dagen er når den unge, søte naboen kjem heim frå jobb i halv seks tiden på ettermiddagen, då kosar Roman seg med ein pils og ser ut vindauge.

Skjebnen skal ha det til at desse to sjelene møtes. Ei hittil tvilsom og svært så uhyggelege stemning vippar over til å bli både søt og sjarmerande. Det mørke ligg derimot aldri langt unna.

Uvissa om kva ein skal tenke når «Roman» stadig vel å gjere ting uhyggeleg og søtt på løpande bånd gjer dette til ei unik opplevelse for min del. Sjeldan klarar ein film å få meg til å tvile, sitte på tå og trykke meg godt bak i stolen.

Tydeleg filma med DV og til dels enkle, amatørmessige løysingar på visse sekvensar er med på å gi eit viktig særpreg, men får meg i blant til å lure på om utførelsen eller handlinga er mest uhyggeleg. Under huda kom kom det iallfall.

«Roman» tek seg god tid og hamnar litt på sida eit stykke ut i på grunn av mangel på fokus. Og at det ikkje kjem tydelegare fram før etter endå ei lita stund til at den slett ikkje er ein typisk sjangerfilm. Kanskje kunne det ha skjedd meir? Kanskje kunne lengda ha vore kortare?

Alt i alt var nok dette mest ein positiv overraskelse, om ikkje skodespelet utmerka seg, så satte filmen fleire støkk i meg undervegs, som sat lenge. Om andre vil like den har eg vanskeleg for å spå. Eg har ei kjensle av at det er ein enten-eller film, sjølv likte eg den.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10