Breaking and Entering (2006)
User Rating: 6.5/10 (1,715 votes)
Sjelden ser eg film og drikk vin samtidig. Det kan hende eg ser tv-serie etter å ha vore ute på byen, men sjelden ser eg film i berusa tilstands. Berusa høyres uansett så alvorleg ut, så eg vil heller påstå eg var i god stemning når eg såg denne filmen.
Traileren fanga meg umiddelbart, likevel om eg ikkje heilt visste kva dette ville gå ut på. Eg har gått å venta på å få sett filmen nokre veker no, kanskje eit par månader, og endeleg fekk eg gjort det.
Jude Law og Juliette møtes i det som er både eit romantisk og komisk drama, men kanskje mest thrilleraktig, satt til eit moderne London. Law er arkitekten, viss kontor blir robba av sonen til -rolla.
Grunnen til at dette fall så godt i smak var tempoet og stemninga filmen skapte. Vanlegvis forventar ein eit visst forløp i filmar etter å ha sett ein trailer. «Breaking and Entering» klarte å halde forventingane på avstand og eg var ganske open til kva filmen hadde å by på.
Tempoet som sagt. Det er ganske lågt, og alt går jamnt framover. Lite blir utheva eller satt på spissen, så dette er altså ein film eg rekna med den kravstore, fartsglade filmsjåaren ville ha karakterisert som kjedeleg. Eg derimot, elskar å kunne sjå ein film som kryp innpå meg og klarar å skape ei småmorsom, dramatisk og litt romantisk stemning utan å trekke på klisjeane.
Framstillinga av London her er dessutan i retninga eg hugsar byen frå nokre år tilbakes, når eg var innom der. Ein by der enkelte deler er under oppussing og ombygging var det som møtte meg, og er det som blir framstilt i denne filmen. Sjølvsagt er det dei menneskelege relasjonane som er den viktagste ingrediensa her, og magien, eller kanskje å sei forholda mellom personane er rettare, fungerar på ei vis som ein sjeldan ser på film. Forventingane til at ein film slår ting opp er kanskje grunnen til dette. Eg likar derimot å få ein film som gjer ting eg på eit sjeldan vis ser, det fekk eg her.
Om ein skulle mislike Jude Law bør ein halde seg unna «Breaking and Entering», for det er Jude Law som i stor grad ER filmen. Han er i mine auge ein utmerka skodespelar, så lenge han får dei rette rollane.
Dette blei over gjennomsnittleg langt, kanskje litt fram og tilbake, men eg håpar at det kom tydeleg fram at dette er ein film utanom det vanlege. Eit drama utanom det vanlege. Og at det fall godt i smak her. Den klarar å røre ved gledeskanalane og tårenervene, som er sterkt!
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10



(0 hittil)