ness
27-jun-2007

Shooter (2007)

IMDb: 7.1/10 (13,477 votes)

ShooterEtter eit militæroppdrag i Afrika går feil, sluttar Bob Lee Swagger (Mark Wahlberg) i armyen. Tre år etter dukkar FBI opp på døra med eit oppdrag, det handlar om å redde presidenten frå eit attentatforsøk. Swagger skal finne ut kor det er mogleg å henrette presidenten frå med rifle, men så går ting feil og han får heile USA i nakken.

«Shooter» utviklar seg til å bli ein rimeleg rett fram actionthriller med både rømming og konfrontasjonar, utan for mykje krimskrams. Her er spenninga tilstades i både stemning og handling. I ei slags blanding mellom «Bourne og «Rambo» skjer det ikkje så mykje som utfordrar originaliteten. Filmen er derimot godt gjennomført. Kvaliteten på bilda er veldig pen og forsterka inntrykket om at det er ein proff produksjon. Sjølv om altså historien er ganske så rett fram og for det meste dreven av knall og smell.

Innleiingsvis var eg skeptisk til Mark Wahlberg i rolla som snikskyttaren og ekssoldaten Swagger (noko som kan knyttast til den labre prestasjonen hans i «The Departed»). Men Wahlberg veks seg til i rolla. Fysisk er han 2000-talets heltetype, firkanta muskelmenn er ikkje heilt passande lengre. Mannen har mangel på karisma, men Swagger er ein kald fisk og det blir perfekt match.

Så, ute etter ein gjennomsnittleg actionthriller må eg sei eg blei positivt overraska over kor godt gjennomført «Shooter» eigentleg var. Den gir ingenting nytt, men fungerar godt til formålet sitt, nemleg å underhalde utan å kreve for mykje hjernetrim.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
16-nov-2004

King Arthur (2004)

King ArthurIMDb: 6.0/10 (7,067 votes)

Ikkje noko spesiell film. Den har henta mange element ifrå Braveheart ser det ut til. Historia om kong Arthur og riddarane av det runde bord er godt kjend. Middels underholdning, ingen spesielle ting som merka seg ut.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10