US Armed Services Radio får ein ny DJ som irriterer på seg befalet, men blir elska av styrkane. Det som gjer «Good Morning, Vietnam» bra er DJen si smarte omgåing av reglar og opprør mot eit hinsides befalsapparat. Om nokon skulle passe som DJ er det Robin Williams. At filmen heller ikkje unngår det blodige alvoret i Vietnam og stiller seg kritisk til både forsvar av og angrep på militær sensur er positivt. Men så er likevel filmen keisam, masete, den blir for prega av det store bilete framfor små genialitetar, og difor også forutsigbar på ein mindre god måte.
Ei skildring av historia mellom Charlie og den eldre, delvis tilbakeståande, broren Raymond frå dei møtes første gong og gjennom ei veke på roadtrip frå Cincinetti til Los Angeles.
Med Dustin Hoffman og Tom Cruise, typisk 1980-tals musikk og ei nesten rørande historie på 133 minutt Barry Levinson, sist aktuell med «Man of the Year» klart å skape ein av tiårets mest populære filmar.
Personleg tykkjer eg filmen er god, men og at den blir for lang. Raymond (Hoffman) blir for slitsom og Charlie (Cruise) kjøper eg ikkje heile vegen, men det går.
Eit godt drama med vakter som gjorde meg forbanna. Og mest sannsynleg dei andre som har sett filmen.
Ein under middels komedie. Det blir for uskuldig, og verken Ben Stiller eller Jack Black får syne kor morosame dei kan vere i rollane sine. Ikkje så mykje meir å sei om denne.
