IMDb: 6.8/10 (57,576 votes)
Oppfølgaren til Tim Burtons «Batman» frå 1989 med Michael Keaton er nok ein Tim Burton film med Micahel Keaton. Dei fleste spora frå forrige films handling er viska ut og det heile startar cirka like midt i kvardagen til Bruce Wayne som i «Batman».
Gotham City er fanga på film like mørk og dyster som Burton gjorde i 1989 og det er ingenting å utsette på det tekniske i heile tatt, kameraarbeidet fangar byen som ein eigen karakter og bidreg mykje til at dette blir ein mørk og ikkje komisk film. Intensjonane til Burton kan derimot vere andre enn eg forventa av «Batman Returns», viss tittel ikkje er meir enn eit kjedeleg salstriks, for eg blei litt skuffa over denne filmens forløp.
For det første framstår verken Max Shreck eller pingvinmannen som spesielt truande skurkar, mange av knepa deira mot flaggermusmannen framstår heller som sjofle triks enn forsøk på å rydde han fullstendig av bana, på den andre sida står Batman, neglisjert i store deler av filmen, som ein veldig svak motstandar og flat karakter. Når Batman spankulerar rundt i kostymet sitt som om han var brisen, halvt oppmerksom på ting som skjer rundt han, mistar eg litt av respekten for han som helt, for vegen til rydde pingvinmannen av dagen viser seg etterkvart å vere veldig enkel.
Sett bort frå desse svakheitene er det likevel nok med «Batman Returns» som gledar, tidlegare nemnte velportretterte Gotham City står som eit utmerka bakteppe, filmen har fleire sider som heng saman på ein (i ein slik samanheng) truverdig måte, utover siste delen blir det også spennande. Både Christopher Walken, Danny DeVito og Michelle Pfeiffer gjer godt ut av rollefigurane sine, sjølv om det i blant skrantar på handlingane desse figurane utfører.
Så, «Batman Returns» har utvilsomt nok av svake sider, men sluttresultatet er likevel godt nok til at eg let meg underhalde meir enn frustrere. Batman kunne utvilsomt vore tøffare, eg klarar likevel ikkje unngå å like filmen litt.
6/10
IMDb: 7.5/10 (7,377 votes)
«DC animated universe» er ein term som står for ulike animerte tv-seriar som deler kontinuitet innan DC-universet, samt enkelte spin-off filmar. I løpet av 10 år kom det fire slike filmar frå Warner Bros., alle om flaggermusmannen, ein femte film om Justice League blei lagt på is og sidan 2003 har det ikkje skjedd noko på denne fronten, lite sannsynleg er at det vil skje noko i tiden framover også, då DC og Warner Bros. i fjor starta «DC Universe Original Animated Movies»-satsinga som står på eigne føter utanfor animerte tv-seriar.
«Batman: Mask of the Phantasm» er første film ut i rekka, handlingsforløpet er satt til 1950 eller 1960-talet etter bilar, kle og bygningar Ã¥ dømme. Teiknestilen passar godt med sine litt klosseaktige ansikt og harde kantar. Av skurkar finn me bÃ¥de The Joker og The Phantasm, men i motsetning til Spider-Man er jo aldri Batman sÃ¥ enkelt som Ã¥ jakte ned og sloss mot ein superskurk (ikkje stygt meint, Spider-Man-filmane er fine dei). Handlinga involverar ogsÃ¥ mafia, pengeutpressing, ein del flashback til korleis flaggermusmannen blei til — som stÃ¥r seg bÃ¥de forskjellig frÃ¥ og ufullstendig i forhold til «Batman Begins» (igjen, forskjell er berre bra det).
Filmen byr ikkje på nokon wow-opplevingar, men har eit godt driv og ei god stemning. Mark Hamill gir stemma til The Joker, og sjå at denne karakteren fungerar så godt i denne historien som i Tim Burtons «Batman» frå 1989 stadfestar for meg at mykje av grunnen bak suksessen i denne karakteren er at den simpelt hen er ei genial oppdikting, og eg gledar meg endå meir til å kunne sjå Heath Ledger gjere den i «The Dark Knight».
6/10
IMDb: 7.0/10 (3,425 votes)
Mens andre storkosar seg med «The Dark Knight» må eg nøye meg med animert film rett på DVD. «Batman: Gotham Knight» er den tredje filmen ut i serien «DC Universe Original Animated Movies» og består av seks mindre historiar frå tidepoken mellom filmane «Batman Begins» og «The Dark Knight». Desse historiane har både ulik teiknestil og er basert på fleire menns arbeid med maskemannen, deriblant manusforfattar David S. Goyer frå «Batman Begins».
Det interessante med «Batman: Gotham Knight» er dei mange ulike vinklane Batman som myte og person blir angripe på, noko som gjer at alle historiane i lag blir til noko meir enn berre tilfeldig samansette kriminalforkjempane heltebragder. Det er eit visst mørkt preg over dette, om ikkje så elegant utført som på dei ekte filmane eg har sett. Likevel er avstanden til typen animasjon frå Cartoon Network, osv. så stor at dette ikkje kan kallast barnefilm, sjølv om ein ung gut nok ville fryda seg over spenningssekvensane ville det vesentlege i forteljingane forsvunne.
Animasjonen er varierande, i blant veldig tøff, andre gonger mindre spennande å legge merke til, men heile tida passande med mørke fargar. Lengden på 75 minutt er ikkje eit minutt for kort og om eg ikkje kan gå god for at denne glir godt inn før «The Dark Knight» (fordi eg ikkje har fått sett den) så får eg nok ut av den som ein etterfølgar i tidslinja til «Batman Begins. Også er det litt spennande at animasjonsfilmen aldri prøver å gå under huda på verken Bruce Wayne eller Batman.
7/10
IMDb: 8.4/10 (86,041 votes)
Ein plass går grensa for alle filmar i å kunne sjå dei opp igjen. Den har eg overstege her for Batman Begins. 4 gongar er 1 gong for mykje, men kinooppleving var heldigvis god nok til at det gjekk likevel.
I ein av Danmarks største kinosalar, rykta seier den 3., såg eg filmen med 500 andre livsglade festivaldeltakarar. Roskilde Cinema som kinoen heitte, er ein midlertidig oppsetting for sommarens Roskilde Festival, og gjer ikkje skam på verken engasjement eller inngangskostnader. For til 0 kr, men dog ein halvtime i kø (som vidare er ganske bra kort til å vere ventetid på festivalområde), fekk eg og alle andre sett filmen med berre 2 tekniske problem, nok av jublebrus ved alt som kan kallast høgdepunkt og klisjear, samt improvisert dansing av eit par fulle folk kledd ut som Badman og Robin.
Ei annleis filmoppleving.
6/10
IMDb: 8.3/10 (63,223 votes)
Den tredje gongen eg ser filmen. Den er framleis god, men ikkje så god som på kino. For denne gongen såg eg filmen frå DVD på ein TV med vanlege TV-høgtalarar.
6/10
IMDb: 8.3/10 (46,472 votes)
Like god som første gongen. Ein fin film.
7/10
IMDb: 8.3/10 (42,215 votes)
Omtrent så bra det kan bli når teikneserie går til lerretet. Filmen klarar å unngå å drepe deg med spesialeffektar, likevel om dei er tilstades. Den er morosam, litt enkle one-liners her og der, men eg skjønnar at det må til for å tilfredsstille mangfaldet. Så nokon av dei kunne for min del ha vore unngått. Det er ingen ting å utsette på handlinga, eg likte den.
8/10