Battlestar Galactica: The Plan (2009)

IMDb: 6.7/10 (1,792 votes)

Battlestar Galactica The Plan DVD«The Plan» er for folk som har sett serien «Battlestar Galactica», og kan tenke seg svar på eit par spørsmål som aldri blei svara på undervegs. Det vil ikkje sei at den svarar på alt, og spesielt det som kan sjåast på som overnaturleg ved serien er utelaten. «The Plan» handlar om Cylons først og fremst, og fortel om deira side i krigen. Modellen «One» står i fokus, vinklinga mot Cylons er om ikkje akkurat fartsfylt, så grei nok på informasjon. Som supplement er dette greit, som film er det mangefullt og litt unødvendig. På ein god dag, godt nok.

6/10

Battlestar Galactica

Sesong 1, 2, 3 og 4.

battlestar_galactica«Battlestar Galactica» krevde tålmodigheit i starten, men fort blei det ein av seriane eg har vore mest hekta på. Første og andre sesong var kjempegode, tredje var nær, fjerde var eit hakk under. Det sagt, å vite at det er ein slutt er god motivasjon. «BSG» ville nok ha hamna på ei topp 10-lista i min regi. Blandinga av sci-fi, religion og politikk gir både god action og godt drama, utan at det må bli kjærleiksdrama. Effektane er også fine. Dette er nok serien som har fått meg til å bli meir aksepterande ovanfor sci-fi på TV.

Battlestar Galactica sesong 3

20 episodar.

Battlestar GalacticaEtter mange korte timar var eg ajour med den hittil siste sesongen i serien, men fortvil ikkje ærede lesarar, fjerde sesong tjuvstartar allereie i slutten av november med filmen «Razor» som skal ta for seg eit ufortalt kapittel frå tidlegare av, og i april til neste år er «BSG» tilbake på amerikansk tv. Dette veit naturleg nok fansen. Det som følger her vil heller ikkje bety noko spesielt for fansen ettersom dei uansett vil måtte finne på å sjå vidare, men kan jo fungere for å bygge opp forventingane litt.

Ein av styrkane til «BSG» har vore at historien har eit sterkt driv framover, viser stabilitet, samtidig som framdrifta skjer i svært ulik rytme frå episode til episode, nei det er ikkje snakk om fillers her, for alt er relevant på ein eller anna måte. Dette opnar for periodar med historie som kan verke svært forskjellig frå det serien har vist tidlegare, noko som det er antydningar til i slutten av andre sesong. Eg var både spent og litt skeptisk til forløpet i byrjinga av tredje sesong etter kvart som eg fekk satt meg ned med dei første par episodane, likevel om det var utruleg spennande. Kanskje eg var litt redd for at serien skulle bli for mykje nytt, forandringar i noko ein er blitt svært glad i er ikkje alltid lett å sluke. Innerst inne satt eg då med viten om at det framleis var «BSG» eg såg, og at «BSG» ikkje kunne komme seg unna romslagskipet.

Skepsisen blei ganske fort satt til side til fordel for den plasskrevande gleda eg fekk ved å sjå meir og meir, var eg hekta tidlegare så var eg oppslukt no, på grensa til usunt. Tredje sesong innfri på alle moglege måtar og skuffar ikkje i å vere tøff, dramatisk og med overraskande gode og nye måtar å fortelje historia på, eg nærast skjelv i hendene etter å få tak i meir, men må diverre billage meg på å vente ei stund.

Battlestar Galactica sesong 2

20 episodar.

BG s02Tida sidan forrige gong eg skrytte av «Battlestar Galactica» er relativt kort, så innlegget her vil bli det same, kort.

Utvida frå 13 til 20 episodar (om ein ikkje reknar miniserien som ein del av første sesong) er det mengder med moro i 6 Disc boksen, derav ein disc forbeholdt ekstramateriale (sletta scener, m.m.). Ei naturleg fortsetting av den første sesongen gjer at ei direkte samanlikning mellom dei to vil bli urett. Andre sesong har eit grunnlag å bygge på, og kan ta historiane til nye høgder. Karakterane får sette seg endå djupare i bevisstheita.

Enkelte av episodane er simpelt hen fantastiske. «BG» er lagt opp med fleire episodar av typen «to be continued…», som gjer det umogleg Ã¥ slÃ¥ av. Episodane som ikkje er fantastiske er pÃ¥ kanten, det skjer ting heile vegen, serien er stabil. Den klarar stadig Ã¥ gjere det interessant ved Ã¥ vere innovativ, overraske pÃ¥ høgt nivÃ¥.

Ser fram til tredje sesong no!

Battlestar Galactica sesong 1

13 episodar.

Battlestar GalacticaDet har gått to og eit halvt år sidan eg først såg «Battlestar Galactica», den gong var det miniserien (ev. doble pilotepisoden). Då fall ikkje det heilt i smak, men eg var open for å prøve igjen seinare. Noko eg no har gjort.

Og ja, eg må gi sjølvkritikk om eg har påstått dette var kjedeleg. Med hendingane i miniserien i minne tok det meg ca. to episodar før eg var godt med på notane. Fire før eg var hekta. I dag har eg f.eks. sett seks episodar, som er meir enn normalen når eg er hekta på noko.

«Battlestar Galactica» er ein sci-fi serie der handlinga for det meste føregår på svære romskip, delvis på ein jordliknande planet. Cylons, maskiner skapt av menneske, har gjort opprør, utvikla seg vidare, og snudd seg fullstendig mot menneskesivilasjonen. Drive på flukt av desse (i verdsrommet) møter overlevande menneske på mange problem, som blir oppskalert ettersom cylons er i helane.

«Battlestar Galactica» handlar først og fremst om menneska sine problem. Her er det ingen romvesen. Cylons er faktoren som er med på å skape eit vanvittig press. Dei to viktigaste gruppene me følger er militære og poliktikarar. Naturleg med ein del ulike synspunkt. Ved sidan av nokre heftige romskipkampar og anna spennande kampsekvensar er polititikk ei svært viktig ingrediense for serien. Utan det og religiøs diskusjon hadde serien mista heile grunnmuren sin. På sett og vis kan ein sei at «Battlestar Galactica» kunne ha føregått i mange miljø med visse endringar, ettersom det meste bunnar ut i ting me alle kan forstå og ikkje all verdens tekno mumbo-jumbo.

Gledar meg til å få lagt hendene på neste sesong!

TV samlepost I

Battlestar Galactica

Battlestar GalacticaIkkje heilt min type sci-fi. Eg såg den doble pilotepisoden, og starta å sjå på sjølve serien, men klarte ikkje meir enn 10 minutt. Og det er forresten 2004 versjonen det er snakk om her. At eg likevel kan finne på å prøve meg på serien igjen i framtida er ikkje usannsynleg, ettersom den har hausta ein del gode tilbakemeldingar.

Lupin III

Lupin 3rdMed eit par Lupin III manga pocketbøker bak meg, tenkte eg å prøve meg på animeserien. Det var ikkje ein favorittmangakandidat, eg hadde faktisk litt vanskelegheiter med å fordjupe meg i den, så utgongspunktet mitt var ikkje det beste. Så det enda med ein einaste episode.