Filmdagbok
ness
31-des-2006

Beste film: 2006

I tråd med fjorårets innlegg har eg laga ei liste der eg har prøvd å få med meg dei beste filmane for sin kategori som eg har sett i årets som har gått. Nokre kategoriar var det svært mange gode å velge mellom, og då har eg prøvd å gi ein fordel til filmar som stod godt an også i andre kategoriar.

2006

Eg har valt å ikkje skrive noko begrunning på kvar enkelt film, men kan nemne at eg har tatt enkelte val som «Army of Darkness» framfor «Evil Dead» fordi eg såg «AoD» først og dei er passe like. «Singin’ in the Rain» framfor «Romance & Sigarettes» på grunn av humøret film gav. «Slither» framfor andre fordi eg gjerne skulle hatt plass til den under horror, men at den også stod sterkt under sci-fi. Skulle gjerne hatt «Kairo» her og… Men det er ingen vist å dvele vidare, her er lista.

Beste action: Casino Royale (2006)
Beste adventure: Little Miss Sunshine (2006)
Beste animation: Cars (2006)
Beste biography: The Elephant Man (1980)
Beste comedy: The Station Agent (2003)
Beste crime: Tsotsi (2005)
Beste documentary: An Inconvenient Truth (2006)
Beste drama: Babel (2006)
Beste family: Zathura: A Space Adventure (2005)
Beste fantasy: The Lake House (2006)
Beste history: United 93 (2006)
Beste horror: Army of Darkness (1992)
Beste music: Linda Linda Linda (2005)
Beste musical: Singin’ in the Rain (1952)
Beste mystery: Brick (2005)
Beste romance: Before Sunset (2004)
Beste sci-fi: Slither (2006)
Beste sport: First Descent (2005)
Beste thriller: Mou gaan dou (2002)
Beste war: MASH (1970)
Beste western: The Three Burials of Melquiades Estrada (2005)

Etter å ha vurdert det vil eg ikkje lage eit eige innlegg over dei verste filmane, men heller gi dei nokre få linje her. I tilfeldig rekkefølge: «The ‘Star Wars’ Holiday Special», «Poseidon», «Biggles», «Puff, Puff, Pass», «Date Movie», «Smokey and the Bandit». Stoppar med desse, likevel om eg kunne ha funne fleire om eg hadde gått gjennom postar utan »mi meining: totalt bortkasta tid».

Og det totale talet for sette filmar i 2006, det er 376 stk. Mindre enn forventa (før oppteljing), som er ein positiv sak. For forskningas skuld, her er utviklinga. Skremmande!

Filmgraf 2006

 
ness
04-des-2006

Beste film: November

StarBetre seint enn aldri. I november blei det sett ein del gode filmar, og eg har vore meir generøs enn aldri før på å gi den høgaste meiningsvurderinga. Ei toppliste på seks filmar som alle er forskjellige nok til å fortene ein plass har blitt satt sammen. Mange sterke kandidatar til den oppkommande uhøgtidelege Beste film 2006 lista for kvar kategori i Filmdagboka.

«Casino Royale» er den siste James Bond filmen, og den første underteikna verkeleg har storkost seg med på kino. «An Inconvenient Truth» rettar søkelyset mot miljøproblem på ein truverdig måte. «Cars» er hittil min Pixar-favoritt og gir ei spennande og artig historie i tillegg til eit fantastisk detaljnivå. «Babel» overraska meg etter eit tidlegare labert møte med regissøren som laga «21 Grams». Godt drama. «Borat: Cultural Learnings of America for Make Benefit Glorious Nation of Kazakhstan» er hysterisk og ein komedie utan daupunkt. Eit tips er å unngå å tenke i retning av at det skal vere satire av noko slag. Sjå på det som ein rølpefilm og bli underholdt først og fremst. «Scoop». At Woody Allen står bak filmen seier mykje om den. Eg er fan av måten han skriv litt meir intellektuell humor på, og når unngår å slite på tålmodigheita til publikum for mykje i denne filmen, så blir det ein god filmopplevelse.

 
ness
01-nov-2006

Beste film: Oktober

Beste filmI oktober har det blitt satt ny rekord i antall innlegg i filmdagboka, og likevel om ikkje alt er film, men også nokre TV-seriar og TV samlepostar, så har det blitt ein god del film. I staden for å velge ut ein enkelt film denne gongen lagar eg ei liste på 4. Tidlegare ‘beste film’ innlegg har ofte innhalde tre filmar eller færre, og det er ut i frå alle desse, med hovudprioritering på ‘vinnarane’ eg i januar 2007 skal lage ei ‘beste film’ liste basert på kategoriane i Filmdagboka.

Her er dei 4 ‘absolutte anbefalingane’ frå oktober.

1. The Lake House. Nydeleg drama med ei umogleg kjærleikshistorie der dei to hovudpersonane er avskilt i tid, og ikkje rom.
2. Eternal Sunshine of the Spotless Mind. Eit gjensyn med denne bekrefta det gode inntrykket eg sat igjen med sist. Den er vanskeleg å plassere, og er ein spesiell film. Men stemninga er iallfall ikkje til å ta feil av.
3. Mou gaan dou. Hong Kong krimthriller, med god og ikkje altfor innvikla historie.
4. Nacho Libre. Ein lenge etterlengta komedie med Jack Black om draumen å bli meksikansk wrestlar. Ein av Jack Blacks betre filmar på ei stund.

 
ness
03-okt-2006

Beste film: September

StarI september såg eg masse god film. Ettersom eg ikkje har prøvd å lage ei rangering etter kvart blir det ikkje lett å hugse alle, men dei som eg i ‘hetens øyeblikk’ har stempla ‘Absolutt anbefalt’ er følgande er United 93, Bubba Ho-tep og Art School Confidential.

Den reelle konkurranser her føler eg blir mellom Art School Confidential og United 93 som nye filmar, dei er to ganske forskjellige saker; komedie vs. tragedie. Om eg ikkje alt hadde sett dei ville nok Art School Confidential trukke det lengste strået, eg foretrekk gjerne ein god komedie framfor ein dramatisk film basert på sanne handlingar. United 93 imponerte på mange måtar, så ingenting stygt skal bli sagt om den. Men med gode erfaringar frå forrige Clowes/Zwigoff samarbeid så var dette ein av dei filmane eg såg skikkeleg fram til.

Så den uoffisielle vinnaren i denne uoffisielle kåringa blir Art School Confidential, men få absolutt med deg dei to andre filmane her og.

 
ness
03-sept-2006

Beste film: August

StarI august måned var det fire filmar som fekk ‘Mi meining: Absolutt anbefalt’. I ettertid kunne kanskje enkelte andre filmar like gjerne fått det, men slikt vil alltid vere vanskeleg å vurdere. 35 filmar er sette, noko som er eit rimeleg tal tatt i betrakning august består av 31 dagar, det har dermed ikkje blitt noko særleg TV-titting, og med unntak av Psych har eg ikkje fullført noko på den fronten.

Dei fire filmane som stakk seg ut var Brick, Clerks., American Gun og Wild at Heart. Alle ganske gode filmar, så det må eit ny faktor inn for å avgjere. Den fantastiske Overraskelsesfaktoren!

Clerks. var ikkje noko ny film for meg, sett to gonger før var eg fullstendig klar over kva eg gjekk til. Brick hadde eg eindel forhåpningar til, og den viste seg å vere ein god film, det same med Wild at Heart. American Gun derimot, hadde eg ikkje høyrt om, og dukka opp frå intet, så og seie. Skal eg trekke fram ein av desse filmane så blir det den, så ta det med beste film med ei klype salt denne gongen, American Gun blir heller månedens overraskelse. Dei tre andre filmane er også filmar du bør få med deg!

Diverre har det blitt ein del dårleg film og i løpet av august, og botnen av isberget var utan tvil The ‘Star Wars’ Holiday Special, større makkverk skal ein leite lenge etter.

 
ness
08-aug-2006

Beste film: Juli

StarLitt på etterskot er det på tide å ta for seg juli måned, og sjå om det er nokon godbitar å få ut av det eg har sett.

I staden for å finne tre kandidatar sånn som før, ser eg på dei to som eg har meint som ‘absolutt anbefalt’. Dette er då MASH og Jimmy Carr Standup. Og som film er det då eigentleg berre MASH som kan stille opp i denne månadlege kåringa, ettersom standup er nettopp ja, standup.

Litt om mine MASH meiningar kan du lese i dette innlegget.

 
ness
04-jul-2006

Beste film: Juni

StarEg ser i ettertid at eg har vore veldig raus med å putte Absolutt anbefalt som mi meining på ulike filmar denne månaden. Heile 7 filmar har fått dette stempelet, men så har eg også sett 38 i løpet av juni.

Eg er nesten frista til å lage ei liste med 6eks utvalte og liste dei alle, for alle filmane byr på heilt forskjellige opplevingar, men eg vil halde meg til min påstarta tradisjon med å nominere tre, deretter trekke fram ein til slutt.

Etter mykje fram og tilbake har eg beslutta å rette fokuset mot «Ghost World», «Before Sunset» og «V for Vendetta».

«Ghost World» blir den filmen eg vil anbefale mest, ettersom det er den filmen som har festa seg best i tankane mine i ettertid. Ein verdig adapsjon av ein grafisk roman, men likevel ikkje heilt korrekt sett på historie mot historie, noko som gjer sitt til at ein får ei ny oppleving om ein berre har fått sett/lest eine.

I grunn kan eg gå god for alle 7 «Aboslutt anbefalt» filmane.

 
ness
01-jun-2006

Beste film: Mai

StarDen siste månaden har ikkje hatt så mykje plass til film, men heller vore dedikert til TV-seriar. Først etter storparten av sesongoppkøyringa satte eg av tid til å sjå litt film. Utvalet å finne mi private månadlege favoritt ut i frå er difor ikkje så stort, og gjer det enklare å finne dei tre kandidatane, men vanskelegare å finne ein som utmerkar seg.

Dei tre som eg står igjen med til slutt er Planet of the Apes (1968), Romance & Cigarettes (2005) og Almost Famous (2000). Alle tre er gode filmar, men her blir det humøret som bestemmer. Det var når eg såg Romance & Cigarettes (2005) eg vart mest underholdt, så den trekker det lengste strået her.

Romance & Cigarettes (2005) er ein slags musikal utan all den glorifiseringa ein (iallfall eg) er van med. Den legg vekt på det kalde forholdet som utviklar seg etter ein part i eit ekteskap har vore utro, og James Gandolfini passar perfekt til denne rolla. Både ettersom han har spelt same rolla i The Sopranos, men og fordi han var utro mot kona si på ekte. Tittelen er ikkje forgjeves, det er og lagt fokus på sigarettar, men meir enn det vil eg ikkje nemne om den saken. Med musikk som “Piece of My Heart” av tre forskjellige artistar, “El cuarto de Tula” av The Buena Vista Social Club og “Hot Pants” av Bobby Cannavale, er det duka show med danseinnslag av bl.a. Christopher Walken som eg ikkje har sett lignande av sidan Fatboy Slim gav ut musikkvideoen til “Weapon of Choice”.

 
ness
01-mai-2006

Beste film: April

StarEtter å ha sett 31 filmar på 31 dagar, rett nok ikkje slavisk med 1 per dag, så står eg igjen med tre filmar som har utmerka seg, desse er «Huo Yuan Jia», «The Elephant Man» og «The Straight Story». To av desse er David Lynch, utan at det har påverka meg i nokon grad. Eg er faktisk ikkje så stor fan verken «Lost Highway» eller «Blue Velvet».

I tillegg til desse har eg sett to Woody Allen filmar, god anime, samt fleire titlar frå IMDb topp 250 lista. Men «Huo Yuan Jia» går framfor dei to andre, ettersom dette er ein fantastisk god kampsportfilm, og inneheld alt eg krev frå sjangeren, samt at den har ei oppegåande tempo. Så det vil til slutt bli denne eg anbefalar folk å sjå.

 
ness
01-apr-2006

Beste film: Mars

StarI mars måned har eg sett veldig mykje film, kanskje for mykje? Uansett veldig mykje bra, så eg føler ikkje at eg har kasta bort tiden på nokon som helst måte. Det blir desto verre å trekke fram tre gode filmar blant dei tjueein filmane eg har sett. Eg vil trekke fram tre ulike filmar:«Tom yum goong» som ein veldig god martial arts film, i fotspora til «Ong-bak». Både underholdande, vanvittige gode slossescener, og ein artig vri av ein historie. «Hoodwinked» som ein alternativ animasjonsfilm. Og «The Station Agent» som ein varm og morsom komedie.

«The Station Agent» må bli den som trekk det lengste strået, og filmen frå mars måned som eg sterkast vil anbefale. Filmen gir oss rundt 90 minuttar med god stemning og ei fin historie, og kunne for min del gjerne vore ein god del lengre, om det hadde fortsatt på same måte.