Beste film: Februar

Beste film for februar kjem seint, men godt. Denne månaden er det «Fargo», «Being There» og «First Descent» som er blant dei beste filmane som eg føler bør bli nominerte. Men det var ikkje langt i frå at andre titlar kunne ha komme med. «Jaws» var like god som «Being There».

Men den beste filmen må bli «First Descent», for det nydelege landskapet og dei adrenalinfyllte spenningsscenene, eit perfekt dokumentarfilm som bør sjåast av folk med sans for snøbrett, samt ski. Ei innsiktsrik reise gjennom snøbrettet si historie, og ei god introduksjon til noko av dei beste talenta. Filmen heng akkurat så godt saman at det ikkje bli som ei kjedeleg oppsummering av stunts og informasjon, og klarar å behalde interessa på toppen heilt fram til slutten.

Beste film: Januar

Tre filmar som eg tykkte var betre enn resten i januar var «Thumbsucker», «Mr. & Mrs. Smith» og «Brokeback Mountain».

Av desse tre vel eg «Thumbsucker» som min beste film for januar 2006. Fordi den var noko av eigen art, med nok nytt til å skape ei original stemning. Eg har sett mange filmar med folk som har sine problem før, men denne var djupare enn mange av dei. Årsaka til at «Mr. & Mrs. Smith» og «Brokeback Mountain» ikkje tok førsteplassen var at dei ikkje var originale.

Beste film: 2005

Eg har raskt laga ei liste over nokre filmar som eg hugsar frå året som har gått. Eg har prøvd å plukke ut dei beste som eg kunne hugse, men det er ikkje nødvendigvis alle som er 100% favorittar. For etter å ha sett 200 filmar, så er det vanskeleg å finne dei beste.

Beste action: «Ong-bak (2003»
Beste adventure: «Batman Begins (2005)»
Beste animation: «Wallace & Gromit in The Curse of the Were-Rabbit (2005)»
Beste biography: «Man on the Moon (1999)»
Beste comedy: «Sideways (2004)»
Beste crime: «A History of Violence (2005)»
Beste documentary: «Jeremy Clarkson : Heaven & Hell (2005)»
Beste drama: «Broken Flowers (2005)»
Beste family: «Sen to Chihiro no kamikakushi (2001)»
Beste fantasy: «Harry Potter and the Goblet of Fire (2005)»
Beste history: «Hotel Rwanda (2004)»
Beste horror: «The Descent (2005)»
Beste music: «The Doors (1991)»
Beste musical: «Corpse Bride (2005)»
Beste mystery: «Donnie Darko (2001)»
Beste romance: «Love Actually (2003)»
Beste sci-fi: «Serenity (2005)»
Beste sport: «Lords of Dogtown (2005)»
Beste thriller: «The Butterfly Effect (2004)»
Beste war: «The Pianist (2002)»
Beste western: «Maverick (1994)»

Det totale antallet filmar eg har sett i løpet av år 2005 er 197.

2 / 212