ness
01-jan-2008

Sløyfe på desember

Statistikk for desember:

Filmar 41
Annonsering 3
Tv-seriar 7
Kortfilm 3
Temapostar 4
Gjesteanmeldelsar 1

 
ness
31-des-2007

Beste film: 2007

Plakat 2007365 dagar seinare var nok eit år er omme, eg har sett litt mindre film i år enn i fjor og ein del betre film. Planen var å lage ei liste basert på kategoriar som eg gjorde i fjor og året før, noko eg etter fleire forsøk har måtte gitt opp, resultatet er alfabetiske topplister som følger lengre nede.

Eg har smelt til med nok ei filmplakatetterlikning for å lage stemning i forbindelsen, tittelen røper meir enn godt nok kva Londonplassert zombiefilm frå 2002 eg har latt meg inspirere av.

Litt om listene kan bli sagt, dei var først og fremst vanskelege å sette i stand, spesielt blant åra 1939-1979 hadde eg problem med å få inn det eg likte best blant til ei midlertidig topp-20 liste, når det kom så langt som til å lage ta ut dei 10 beste derifrå igjen måtte eg vri meg i smerte når herlegdomar på rekke og rad blei fjerna. Å rangere filmane fekk eg aldri til, så det har blitt med alfabetiseringa, rettferdig opplegg, ettersom eg gjerne ser tilbake på filmar i ulike sjangrar med forskjellig holdning til underholdningsverdi og filmopplevelse. Perioden som viste seg å bli enklast var 1980-2005, mykje god film her òg, men blant dei beste og resten var det enklare å skilje. At tidsrommet er langt mindre enn for eldre film betyr jo også noko, og må takast i betrakning for lesing av listene. Håpar til slutt at nokon kan sjå listene som ei hjelp til titlar det kan vere greitt å merke seg.

Fersk film (2006-2007), alfabetisk:

The Assassination of Jesse James by the Coward Robert Ford (2007)
Children of Men (2006)
Futurama: Bender’s Big Score! (2007)
Hot Fuzz (2007)
In the Land of Women (2007)
Planet Terror (2007)
Rocky Balboa (2006)
Shi gan (2006)
Stardust (2007)
Stranger Than Fiction (2006)

Mellomåra (1980-2005), alfabetisk:

28 Days Later… (2002)
Before Sunrise (1995)
Bin-jip (2004)
Blue Velvet (1986)
Das Boot (1981)
The Breakfast Club (1985)
Edward Scissorhands (1990)
Love Actually (2003)
Salinui chueok (2003)
Tonari no Totoro (1988)

Eldre film (1939-1979), alfabetisk:

12 Angry Men (1957)
Alien (1979)
The Apartment (1960)
Deliverance (1972)
Mr. Smith Goes to Washington (1939)
Rio Bravo (1959)
Rocky (1976)
Roman Holiday (1953)
Sleuth (1972)
Some Like It Hot (1959)

 
ness
03-des-2007

Sløyfe på november

NovemberMidt ut i november fann eg ut at oktoberoppsummering hadde uteblitt, men ettersom eg ikkje ser på desse oppsummeringane som den viktigaste delen av Filmdagbok så blei det ei stille innlegg direkte til arkivet. No er november forbi, ein månad som til tross for eksplosiv opptrapping på eksamenslesinga har gitt rom for mang ein film. Nyårsforsettet mitt gjekk sånn passe i dass då eg med god margin overskridde 1 film per dag. Dei dårlege filmane har heldigvis uteblitt og november går inn i historien som ein god månad. Lat oss sjå på statistikken:

36 langfilmar. 8 tv-sesongar med ymse. 4 kortfilmar. 3 samlepostar: Store i kjeften og feige mordarar, Dystopi i Asbjørn sitt hi og Saksemann søker dame med busker.

Tre titlar utmerka seg blant mange gode filmopplevelsar. Etter eg gjekk over til poengvurdering (ikkje så ulikt IMDb), blir det som regel dei med 9 og 10 poeng som står seg ut i månadsoppsummeringa (om det ikkje har vore tørkeperiode). «Edward Scissorhands» på toppen med 10, tett fulgt av «Futurama: Bender’s Big Score» og «Some Like It Hot». Alle kandidatar for årets toppliste.

 
ness
01-nov-2007

Sløyfe på oktober

Filmar: 30. Tv: 8. Kortfilmar: 15. Temapostar: 3. Pilotpostar: 2. Film m/kommentarspor: 1.

Kort oppsummert for oktober, utan krims og krams. Her følger månadens høgdepunkt:

Before Sunrise: 10/10
Reprise: 9/10
Blue Velvet: 8/10
The Life Aquatic with Steve Zissou: 8/10
The Fountain: 8/10
Kabul Express: 8/10

 
ness
01-okt-2007

Sløyfe på september

Aktiv månad fører med seg mange tal, godt spreidd ut over ulike felt i Filmdagboka, som dessutan fekk ei overhaling på layouten sidan forrige «sløyfeinnlegg». Mario skreiv gjesteanmeldelsen av Orgazmo. Sjølv fekk eg ordna samlepostane Pingvinpost og Grindhouse, fullført 9 tv-sesongar (nokre sommarseriar har blitt avslutta), laga 2 TV-samlepostar, sett 3 korfilmar (IMDb sin definisjon) og ikkje minst; 31 filmar.

September

Gode filmar? mange! Ut i frå mi nye rause talvurdering: 9/10: «Tatt av kvinnen» og «Planet Terror». 8/10: «Equilibrium», «The TV Set», «Rio Bravo», «Twelve Monkeys», «Knocked Up», «Roman Holiday», «Reign Over Me». Etter det gamle systemet: Høgt verdsatt: «Sleuth». Karakterane er gitt etter magekjensla på ulike tidspunkt. Så sjå på skalaen som eit cirkaverktøy.

 
ness
01-sept-2007

Sløyfe på august

August var lenge på veg til å bli den månaden i år med minst innlegg (i følge statistikken på botnen av sida), men så såg eg veldig mange kortfilmar og alt endra seg. Langfilmar har det heller blitt mindre av, mindre enn vanleg i såfall. Tv-serie har det blitt minimalt med.

August

Tala: 1 tv-serie. 19 filmar. 10 kortfilmar. 1 tv-pilotguide samlepost. 3 samlepostar: Ekte menn har hest og pistol, Før-dokumentariske kortfilmar og סרטים.

Av det gode eg såg utmerka «Deliverance seg på tampen av månaden som noko vel verdt å foreslå vidare. «Blades of Glory» stod seg ut som ei positiv overrasking og kan anbefalast som Hollywoodkomedie, men held ikkje høg klasse på den måten «Deliverance gjer.

 
ness
01-aug-2007

Sløyfe på juli

Juli har vore ein skuffande månad i forhold til vêr, trening og uteaktivitet, men ein god filmmånad.

Sløyfe på juli

Eg har sett 26 filmar. Av dei vil eg spesielt anbefale «In the Land of Women», «Disturbia», «The Breakfast Club» og «The Namesake til andre på jakt etter god film. Heldig med vala har eg ungått noko verre enn middels og slepp dermed å henge ut nokon titlar.

Eit par TV samlepostar har det blitt, deriblant ei ny “pilotguide”. 7 sesongar med tv-serie har det òg blitt. Samt 2 samlepostar: Bogie og Tøffe typar i ville vesten.

August står på trappa, det gjer òg ein 2 vekers tur til Israel, sikkert utan så altfor mykje filmsjåing. Men det er ikkje som om det elles er mangel på innlegg her heller…

 
ness
01-jul-2007

Sløyfe på juni

Sommaren er her for alvor. Talet på sette filmar og tv-seriar har gått drastisk ned, noko eg vil svare med eit kort innlegg.

Sløyfe på juni

16 filmar, 4 tv-seriar og 1 samlepost (Romvesen med stålgebiss). Best på filmfronten var «Das Boot», ein film som må sjåast! «Goal II: Living the Dream» var dårlege saker og gjekk til nøds, unngå den!

 
ness
01-jun-2007

Sløyfe på mai

Mai har vore ein fin månad, skulesituasjonen med to heimeeksamenar og notatar skrive gjennom semesteret har gitt nok fritid til å pløye gjennom eit hav av både film og tv-serie.

Sløyfe på mai

Det er sesong for avslutningar. Eg har fulgt med både fast og uregelmessig på ymse sidan i haust. I mai samla eg trådane, fullførte 6 seriar og samla desse i 2 “sesongavrundingsinnlegg”. Forutan dette har det blitt ein del korte britiske seriar. Eit skremmande høgt tal kjem altså i tillegg til dei nemnte 6: 10 tv-seriar. (Notat til meg sjølv: Mesteparten av «Rome» blei sett i april, halve «Twin Peaks

27 filmar har det blitt, der over halvparten har sin plass på øvre del av IMDb top 250. Her er det mange godbitar å hente, sjølv om det i blant dukkar opp ein og anna skuffelse. Både «The Treasure of the Sierra Madre» og «Sunset Blvd.» fall veldig godt i smak, og har blitt høgt verdsatt!!! Det skulle derimot ein anna vel ansett film, rett nok ikkje frå denne lista, til å skuffe. «Who's Afraid of Virginia Woolf?» gjekk til nøds!!

Eit par samlepostar har eg fått lire av meg. Den eine, Animert japansk surrealisme, er ei samling av tre korte anmeldelsar av Satoshi Kon-filmar. Den andre har zombie som eit fellestrekk, og går under tittelen Eit knippe levande døde. Til slutt vil eg trekke fram den andre gjesteanmeldelsen her på berget, Mario har sett WWE-filmen «The Condemned» og skrive om den her: Brutalt spill blant dødsdømte!

 
ness
01-mai-2007

Sløyfe på april

Sløyfe på April

April er passert, Kosmorama er forbi, det er på tide å slå seg saman med russen og feste livskiten ut av seg i vårsola. Eller sjå ein god film. Mitt sterkaste tips frå månaden som gjekk er rettsalklassikaren «Anatomy of a Murder» med James Stewart. Og heilt på tampen av månaden kom faktisk nok ein rettsfilm med i toppen; «12 Angry Men». Ein filmmånad med gode klassikarar altså.

Heldigvis såg eg ingen filmar utan eit ørlite snev av verdi i seg. To stykker var derimot på veg mot botnen, men redda seg ved å ha nokre småting som appellerte til meg. Desse er generelt godt likte av den generelle publiken, men eg trår til side og står ikkje for å gi noko skryt. Både «Dellamorte Dellamore og «The Rocky Horror Picture Show» gjekk til nøds.

Litt tal på slutten, mest for min eigen del kanskje. I løpet av april har eg sett 30 langfilmar, 10 kortfilmar, komme i land med 5 sesongar av ymse tv-seriar og 1 miniserie . 5 samlepostar har eg også fått lire av meg: Kortfilmar signert Stanley Kubrick, The Short Films of David Lynch, Beyond the Bride of Re-Animator, Shaun of the Dead / Hot Fuzz og Kosmorama: Old Joy og Yella. Det skulle vere alt, og no ser eg fram til blockbustersesong frå og med Spider-Man 3 den 4. mai.