Sløyfe på februar

Det er den tida i månaden igjen, når forbipasserte dagar har blitt forbipassert månad og det er på tide å reflektere over sette filmar. I løpet av februar har eg sett 24 langfilmar, 4 miniseriar der to korte sesongar «Riget» tel som ein, og ein vanleg dose fast tv-serie.

Som i januar har eg holdt meg til ein film (eller mindre) om dagen, og slik vil det nok fortsette. Betre tid til å velje film og betre tid til reflektering. «Night at the Museum» og «Bad Boy Bubby» må likevel nemnast som skuffelsar. Generelt har det blitt meir middels film denne månaden enn forrige. Godbitar mangla det ikkje på fordi om.

Forutan fire «Harry Potter» filmar fordelt utover seks dagar som eit av februars høgdepunkt har eg kost meg med «Sarah Silverman: Jesus Is Magic» og «Stranger Than Fiction» meir enn noko anna.

Bilde over denne gongen er henta frå Google Image Search på stikkordet «sløyfe». Sidan eg ikkje har eit fornuftig bilderedigeringsprogram tilgjengeleg så blir det ingen fancy photoshopping denne gong, men sjå gjerne på skjorta som eit symbol for februar. Forvent eit nytt smekkert bilde om 31 dagar.

Sløyfe på januar

SÃ¥ var Ã¥rets første mÃ¥nad alt over, og eg set sløyfe pÃ¥ januar. I løpet av mÃ¥naden har eg sett 27 langfilmar, 1 kortfilm og fullført ein enkelt tv-sesong. Ein god nedgong sidan forrige mÃ¥nad, først og fremst pÃ¥ tv-fronten. Eit av nyttÃ¥rsforsetta min holdt altsÃ¥ stand — som var mindre tid framfor skjermen.

Den vante rytmen med ein film om dagen har prega januar, og eg har planlagt kva filmar eg skal sjå grundigare. Nokre bommertar har det likevel blitt, det er vanskeleg å unngå. Av dei største finn ein «Saw» og «The French Connection».

Men først og fremst har det blitt mykje godfilm. Her er dei beste titlane, dei eg varmt kan anbefale vidare: «The Science of Sleep», «Bin-jip», «Shi gan», «Children of Men» og «Idiocracy». Det skal ikkje mykje firing på krava før halve filmprogrammet mitt hadde fått sin plass her heller.

Bilde over er eit resultat av ein dårleg photoshoprunde for å få til noko som kunne minne om ein av dei som ikkje kom heilt inn på toppen, «Shutter». Malplassert oppå er januar skrive i fonttypen Broadway.

2 / 212