Scrubs sesong 9
fredag, april 9th, 201013 episodar.
Scrubs har blitt avslutta fleire år på rad, heilt sidan sjette sesong har den runda av, men stadig komme tilbake. Tre sesongar og byte av nettverk er ei lita bragd, men tapet av Zach Braff nokre episodar ut i ein amputert, niande sesong, ser ut til å vere meir enn serien kan tåle.
Humoren har blitt verande den same, men niande sesong har fjerna eit par kjente ansikt og erstatta plassane med fleire nye karakterar. Med undertittelen Med school har det skjedd ei forflytting av sjukehuset Sacred Heart, til å bli ein del av Winston University, og Scrubs har på mange måtar gått tilbake til oppskrifta til første sesong.
Samanlikna med det beste av Scrubs er dette ein svak sesong, men sanninga er at serien ikkje har vore på topp på ei stund, så overgangen er ikkje den største. Forrige sesong gav oss ei skikkeleg avslutting, og endå fleire episodar blir berre ein rein bonus. Utover sesongen veks dei nye karakterane, men av di Scrubs har ei historie på åtte sesongar, skuggar mangelen på tapte karakterar over potensiale dei nye har. For som nemnt før, humoren er den same, den har berre gått på tomgang ei stund.
ABC har ikkje bestemt seg for framtida til serien, men dalande sjåartal talar for seg. Når det gjeld Scrubs er det likevel aldri godt å vite.
Ein tidlegare komediefavoritt er no avslutta, med ein ekstra lang episode på slutten som tek meg tilbake til stordomstider. «Scrubs» har ikkje vore like bra siste tre åra som før, etterkvart som rollefigurane har blitt meir modne, men det har alltid vore nok humor, og nok handling til å drive det framover. For det totale inntrykket av serien skulle eg ønske den hadde blitt avslutta før, noko eg har uttrykkt tidlegare. At fleire skodespelarar har vore fråverande i enkeltepisodar av denne siste sesongen har vore ein nedtur, spesielt når det skjedde med hovudrolleinnhavar Zach Braff eller bestevennen hans, Donald Faison.
«Scrubs» sin sjuande sesong blei skuffande kort, eg og sikkert mange andre såg fram til ein solid runde med sjukehuskomedien då dei i motsetning til sesongen før faktisk starta opp så tidleg som i oktober. Så kom streiken, tv-nettverket som var usikker nok frå før vingla endå meir og det var stor skepsis til om dei ferdiglaga episoden ville komme til å bli sendt. Heldigvis blei dei det, men elleve episodar er ikkje stort! No går rykta på høgt nivå at ABC har kjøpt opp serien og vil sende den frå hausten av, så det lovar bra for Braff og gjengen.
24 episodar.
Wow, siste «Scrubs»-episode på ei god stund. No er det berre å sette seg ned å vente til femte sesong startar å gå på TV. Eg tenkte aldri på det undervegs, fordi eg var så oppslukt, men eg trudde aldri eg skulle bli ferdig med serien.
Nok ein god sesong av «Scrubs». Noko som kan merkast på kroppen, som har blitt litt doven dei siste dagane. Det eg likte med sesongavslutninga var at den ikkje var bygd opp som ein cliffhanger, så den set ikkje press på å måtte sjå neste episode, noko som kan vere greitt sidan eg har veldig mykje forskjellig liggande klart om dagen. Tidlegare har eg skrive om kva eg tykkjer er ei god avslutning, og kva som er ei dårleg ei. Men for ein serie som «Scrubs» bør det ikkje vere noko tåredryppande sesongslutt, for det er jo komedie!
Etter å ha svippa innom deler av sesong 3 kom eg tilbake til denne og fekk avslutta den. Det eg sit igjen med er ei spesiell kjensle. Det var ingen ultimat cliffhanger-episode. Men serien går tydeleg gjennom forandringar. J.D. får seg eige leiligheit. Elliot ny jobb. Turk og Carla planlegg å få unge.
Sesongavslutninga innheld eit stort bryllaup, eit forhold som endar, eit forhold som ikkje skjer, pluss meir. Elliot er såra, men dukkar opp i bryllaupet til Turk og Carla likevel. Turk har problem med å finne kyrkja, og ting skjere seg, men festen etter blir halde uansett.