I brakke nummer fire, i ein fangeleir i Tyskland, er det 75 krigsfangar som lever under relativt dårlege forhold. Dei prøver i blant å rømme, men det viser seg at fangeleirsjefen alltid får med seg kva som er i ferd med å skje. «Stalag 17» er ein krigsfilm med humor, av det gode slaget, stødig regissert av Billy Wilder. Det er ein film om kameratslege band og den mørke sida bak det å ikkje passe inn i eit miljø prega av misnøye og sjalusi. Denne flotte blandinga av tema gjer seg godt i krigsfilmsamanheng, og «Stalag 17» viser dette godt.
Det er vanskeleg å ikkje like Billy Wilder, med sine gode filmar som «Some Like It Hot», «The Apartment» og mange fleire. «Witness for the Procecution» er ingen unntak og går lett inn i varmen som ein av dei verkeleg gode, gamle rettssakfilmane, forsåvidt den andre berre dette året. Charles Laughton er eit namn eg for alvor har lagt på minne, ein mann som gjer den briljante advokaten Wilfrid Robarts. Komikken rundt helsa hans er berre ein av fleire ting som gir filmen ekstra dimensjonar og får den til å utmerke seg. Agatha Christie gir også enkelte forventingar til oppbygginga.
«The Lost Weekend» blir like fullt ei historie om alkoholen som mannen bak flaska, Birnam (Milland). Dette utdraget frå livet hans, denne romankarakteren Billy Wilder har levandegjort, blir ei handling i nuet både i forma og med tanke på at det alltid er nuet som gjeld for Birnam. «The Lost Weekend» fungerar på så mange plan, det er ei tragisk historie, men den er ikkje trist. Med gode karakterar som du ikkje vil like på grunn av eigenskapane. Med god dialog og rabling du har høyrt tusen gonger før. Her er det meste og det beste i ein god miksture.
Audrey Hepburn, Humphrey Bogart og William Holden i ein film av Billy Wilder, eg såg verkeleg fram til «Sabrina» og blei heller ikkje skuffa.
Sabrina er namnet på hovudrollen, spelt av Hepburn, ho er dottera til den rike familien Larrabees sjåfør og bur i ei leiligheit med faren over garasjen. Familien Larrabee har to vaksne søner, David (Holden) og Linus (Bogart) og Sabrina er forelska i David. Både på grunn av aldersforskjell og rang har David aldri lagt merke til Sabrina. Den rimeleg ulykkelege forelskelsen resulterar i at ho reiser til Paris på kokkeskule for eit år.
Når Sabrina kjem attende til statane har ho blitt vaksen og vakker, eller det vil sei vakrare enn før, ho blir lagt merke til og blir etter kvart kjent med både David og Linus, eit kjennskap krydra med komedie og romantikk. Før filmen kjem så langt var Humphrey lite inne i bilde, men her tek han på mange måtar over for skjermtiden Holden hadde, noko eg personleg satte pris på, då Bogart er ein av dei skodespelarane frå denne perioden eg set høgast.
Komedien fungerar utmerka, romantikken likeså, det meste med filmen er ganske fornøyeleg i grunn. Dialogane er interessante, bilde og lyd er i ein klasse for seg sjølv, skodespelet glimrar, dette er verdt å få med seg.
er ein av desse flotte Billy Wilder filmane det er sÃ¥ lett Ã¥ bli glad i (les: «Sunset Blvd.» og «Some Like It Hot», m.fl.). I «The Apartment» er det Jack Lemmon som styrer showet, bokstavleg talt ved Ã¥ tilby leiligheita si med seng der sjefane hans kan ha «safe sex» med elskerinnene sine — i bytte mot gode referansar. Det startar som ein passe lystig film, men ein anar at dette skal bli meir. Etter kvar fangar filmen oss i karakterane og problema deira bak den smÃ¥komiske fasaden. Fasaden er veldig mykje tilstades gjennom heile filmen — som kan seiast Ã¥ vere ein velbalansert affære og fengande til dei grader at ein ser pÃ¥ displayet etter 1t 50min og hÃ¥par det er kluss med avspelaren sÃ¥ den eigentleg meinar 0t 50min.
Tony Curtis, Jack Lemmon og Marilyn Monroe spelar på lag i denne flotte Billy Wilder-komedien frå 1959, der Curtis som Joe og Lemmon som Jerry må kle seg ut som kvinner for å få ein gig utanbys. Gangsterar på jakt etter eller forviklingar med andre menn foran seg, «Josephine» og «Geraldine/Daphne» står bokstavleg talt på tå med høghela sko gjennom denne hysteriske filmen.
I «Some Like It Hot» blir det avfyrt punchlines og gode dialogar i maskingeværhastigheit og eg går aldri trøytt av det, tempoet dabbar aldri av og historia blir aldri gammal, veldig viktig for ein komedie. Imponerande at oppsettet med menn forkledd som kvinner held seg så godt gjennom 2 timar, men ikkje spesielt overraskande når Wilder står for regien og Curtis/Lemmon overbevisar i hovudrollane.
Til denne type film, med forkledningar og doble rollar, ligg det gjerne forventingar til handlingsforløpet. Løysinga er fin dÃ¥ det alltid skjer sÃ¥ mykje i «nuet» at det som kjem etterpÃ¥ aldri særleg aktuelt Ã¥ tenke pÃ¥. NÃ¥r det kjem, sÃ¥ er det akkurat like artig. Mykje skryt, lite hÃ¥ndfast eg har retta meg mot.
Walter har vore ein ærleg salsmann av forsikringar i 11 år. Ein dag står tilbodet om ekstra spenning og ein solid slump med pengar ved døra, men dette inneber at noko kriminelt må gjennomførast.
«Double indemnity» er omgrepet som blir brukt i sjeldne situasjonar der eit forsikringsselskap betalar ut dobbel erstatning. Walter (Fred MacMurray) og Phyllis (Barbara Stanwyck) vil prøve å utnytte denne forsikringspolitikken. Som me ser i første bilde har noko gått feil.
Billy Wilder gir oss her ein klassisk film-noir med ei sterk femme fatale, low-key svart-kvitt bilde og utstrakt skyggebruk. Sigarettrøyken ligg tjukt over heile filmen. Det er ikkje til å ta feil av.
Walter er glad i å slenge rundt seg med uttrykk som «I love you, baby», som på linje med den andre romantikken kan verke cheesy. Heldigvis er ikkje dette noko romantisk film, og litt overdrevne handlingar her er nok eit spel frå karakterane si side.
Det er spelet mellom personane bak forbrytelsen, og deira samla spel igjen mot etterforskarane som er interessant og utgjer filmen. Me får vite det meste og blir sittande å følge oppførsla til dei som må lyge og skjule seg. Og dette er faktisk ganske spennande.
Kombinasjonen Billy Wilder og film-noir bør vere nok til å gi mange frysningar oppover (eller nedover?) ryggen, på ein god måte. Men kva med oss som ikkje har sett noko av mannen før, og har lite kjennskap til god film-noir generelt?
La meg starte med eit kort samandrag. Protagonisten opnar med forteljarstemme i form av ein kommentar til sin eigen død. Spørsmålet er korleis dette skjedde, og me hoppar så tilbake i tid for å få heile historia. Manusforfattar Joe Gillis (William Holden) har idétørke og økonomisk trøbbel, tilfeldigheitene vil ha det til at han hamnar heim til avdanka stumskodespelarinne Norma Desmond (Gloria Swanson).
Gillis finn seg delvis tilrette i Norma Desmond sitt selskap, tilsett for å finpusse på eit personleg manus dama har brukt tid på etter karriera hennar tok slutt 20 år i forvegen.
«Sunset Blvd.» står godt på eigne bein, og er ikkje avhengig av kjent regissør eller film-noir kunnskapar. For min del fall den i smak fordi det er ein veldig god film, enkelt og greitt. Det som gjer den det er nok meir enn ein ting.
For det første er den veldig samansett, den gir ikkje rom for undring i utval av scener. Alt er fletta saman i storslåtte kulisser, både fascinerande og litt grøssande. Holden gjer Gillis godt og fungerar som ei bru mellom filmskaparen og publikum på fleire nivå i dialogane sine.
Blant anna påpeikar Gillis i ei scene at filmar med eit psykotisk tema sel som varmt kveitebrød. Uansett om Wilder var ute etter å selge eller lage ein god film, eller begge deler, så meinar han nok at utforskinga av det psykologiske er viktig. Norma er utan tvil meir enn det som føregår på overflata, sjølv om det er forstyrrande nok.
Eit nytt hakk i skjeftet med klassiske filmar er danna, men «Sunset Blvd.» blir ikkje gløymt med det første og plassert i kategorien med lite givande klassikarar. Nei, dette er ein fin film som klarar å halde merksemda på topp gjennom to timar utan å kjede eller forvirre. Slikt er ikkje kvardagskost.
