Lange flate ballær (2006)
I følge Filmguiden ligg «Lange flate ballær» an til å komme ut av 2006 med seirande besøkstal på kinofronten. Filmen fekk mykje oppstyr i media på grunn av alle kjendisane som dukka opp, blant anna Jose Mourinho og Ari Behn, og dette hjalp vel utvilsomt på den vanlege nordmannen, som blir fora opp med sladder i VG og Dagbladet.
Filmen handlar om fotball, ein sport eg ikkje har brydd meg om på nokre år, men som eg ikkje har noko problem med å følge med på. Ein supportergjeng set kursen mot Tyskland når Noreg kjem seg vidare frå gruppespelet i VM, denne gjengen består av amatørskodespelarar som kan seiast å vere gjennomsnittlege nordmenn.
Amatørpreget er noko filmen tek med seg heile vegen, og lufta går litt ut av ballen i enkelte forsøk på å gjere noko brått. Men «Lange flate ballær» er god på å få fram det norske, og formidle ei historie om ein samla gjeng med fotballinteresserte bilmekanikarar. Den er faktisk morosam, om eg gav inntrykk om det motsatte, og er ein svært så folkeleg film.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10


(2 hittil)