A Christmas Story (1983)
User Rating: 8.0/10 (35,978 votes)
«A Christmas Story» er ein julefilm i tradisjonell forstand, familievennleg og utan dei store overraskelsane. Regissør Bob Clark har forteljarstemma og fortel korleis desember månad utarta seg for han som 9-årige Ralphie omkring 1940.
Ein av dei flotte tinga er kor godt filmen klarar å fortelje historia frå perspektivet til eit barn slik at eg sjølv levde meg inn og kjente meg igjen undervegs, tross dei 50 åra mellom Ralphies og min barndom. Tida før jul der ein går og ønskar seg eit spesielt leikety utarta seg kanskje ikkje på same måte i dag, då ungar får alt dei vil ha for å halde kjeft, men berre få år sidan når eg var på denne alderen var eg aldri garantert toppønske mitt.
A Christmas Story gjer meir enn å sette meg inn i barndomsrolla, den er utruleg hyggeleg og ein koseleg morsom film på vennleg vis, der det ikkje blir prøvd hardt for å skape latter, men alt fell naturleg på plass i tilværelsen til familien Parker og ein humrar meir enn å bryte ut i latterbrøl. Verkeleg ein solid julefilm dette her altså!
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10



(0 hittil)