The Incredibles (2004)

IMDb: 8.1/10 (135,452 votes)

IncrediblesFør: Ein desemberdag for tre år sidan var dette ein passe god animert film, ikkje alfa omega. Eg kjente igjen musikktypen (litt «James Bond»?) og forskjellige element frå superheltehistoriar, ei viss old school feeling og glimrande animasjon. Parodieringa på superheltfilm var noko eg meinte i ettertid var svært viktig i filmen, og det mest morosame. I lyset av «Shrek 2» synst eg derimot den låg eit hakk under på det humoristiske. Ca. dette var å lese i Filmdagbokinnlegget frå den gong.

The IncrediblesNo: Å kalle det ein parodi er feil ordbruk, «The Incredibles» er ein hyllest til superheltfilm og brukar flittig mange kjente trekk. Ved å bruke animasjon kan det heile gjerast ganske vilt i forhold til vanleg film med spesialeffektar utan at ein reagerar på det, endå nærmare teiknefilmsjangeren. Alle referansane til superhelt- og agentfilmar er til å sette pris på. Handlingsforløpet er forutsigbart så det held, men filmen er flott utført og køyrer løpet godt. Disney/Pixar har laga ein film for (store deler av) familien, så nokre moralske preikenar må ein tåle ved sidan av lykkeleg slutt og samla familie. Dette er på si side det som trekk filmen ned eit hakk for min del sjølv om eg forventa det. Viktig å nemne er at spenninga ikkje går på bekostning av dette, The Incredibles har noko flotte høgdepunkt som aktiverar smilebandet, litt mør er den i botnen med dei godt skjulte drapa sine og fiendtleg destruktivitet.

7/10

Jack-Jack Attack (2005)

IMDb: 7.8/10 (2,105 votes)

«Jack-Jack Attack» er den andre kortfilmen med karakterar frå langfilm, nemeleg babyen frå The Incredibles (som eg har liggande for gjensyn), ein vill baby som er umogleg å vere barnepassar for, som filmen handlar om. Tøff!

7/10

Ratatouille (2007)

IMDb: 8.2/10 (108,137 votes)

Ratatouille«Ratatouille» er utan tvil eit briljant stykke animasjonsfilm frå Disney Pixar. Ei rotte med sansen for kokkekunst befinn seg i mat- og restaurantmekkaet Paris viser seg å fungere godt på film.

I botnen anar eg typiske Disneyingrediensar og moral, men oppbygginga er fersk nok og tempoet friskt, utan ein liten og småkjedeleg bit midt i (sett i forhold til resten av filmen). Eit utval jakt-til-beins sekvensar sit som spikra og er favorittdelane mine frå filmen.

Sjarmen og humoren er skrudd på maks. Alt i alt endar dette opp som min andre favoritt Pixarfilm ved sidan av «Cars», og ein sterk kanditat til årets personlege animasjonsfilmfavoritt. Denne må sjåast!

8/10

The Incredibles (2004)

IMDb: 8.3/10 (15,586 votes)

The IncrediblesEi solid blanding James Bond liknande musikk, forskjellige element frå superheltehistoriar. Ei viss old school feeling og glimrande animasjon. Parodieringa er vel det viktigaste i filmen, og det mest morosame. Men på humorsida ligg nok Shrek2 eit hakk framfor.

7/10