Teen noir har eksistert ei stund. Forenkla kan teen noir skildrast som ungdomsfilm med inspirasjon frå film noir eller neonoir med ungdommar. Skiljet har ikkje akkurat blitt definert, men ei masteroppgåve frå Universitetet i Bergen er å finne på problemstillinga. Filmen «Brick» og TV-serien «Veronica Mars» er blant dei mest refererte titlane til når det gjeld denne sjangeren, stilen eller rørsla. «Assassination of a High School President» med sine tydelege sjangertrekk kan så gjerne tilførast kanonen.
«Assassination of a High School President» er ein av dei betre filmane som kastar seg på bølgja av mørkare tenåringsfilmar utover 2000-talet, og fyller fleire av konvensjonane til teen noir. På ein katolsk high school støyter forsøket til mobbeofferet og helten vår, Marty Mullen, på å slå gjennom som journalist i skuleavisa, i lag med ein konspirasjon mot den sitjande studentrepresentanten.
Mullen, som ein eigentleg antihelt, blir lurt av kvinner, får juling og blir hengt ut som løgnar, og kan i all enkeltheit minne om rollefiguren til Jack Nicholson i «Chinatown» for oss som ikkje er fullt så oppdatert innanfor film- og neonoir.
Historia her gjer ikkje forsøk på å vere smartare enn den er, men skal jo likevel vere litt lur, og fungerer flott. Med litt humor blir ikkje resultatet sjølvhøgtideleg og det faktum at Mullen både står fram som både helt og antihelt, dum og i blant lur, gjer at det ungdommelege kjem fram, som ein person stadig i oppvekstfasen.
Etter litt pirking kan nokre av karakterane i filmen trekkast fram for å vere litt for normale, eller anonyme, til å vere av særleg interesse. Dette er då likevel småtteri, og «Assassination of a High School President» var i all hovudsak ei positiv oppleving av ein film som gjekk meg hus forbi når den kom ut.
