Carrie (1976)

IMDb: 7.3/10 (16,474 votes)

Carrie«Carrie» er langt i frå så skummel som eg hadde håpa på. Hadde uansett ingen store forventingar om at den skulle vere skummel, men trudde ikkje den skulle bli så alvorleg som det den var. Mobbinga av Carrie White går ganske langt her.

Det er den første Brian De Palma filmen eg ser som ikkje omhandlar mafia eller kriminalitet. Om ein skal definere kriminalitet kjem vel denne filmen kanskje på lista likevel, men eg reknar med det er opplagt kva det er snakk om her.

Dagens tredje film er dagens andre high-school film, men ikkje den siste. Planen er å få inn «Dazed and Confused» før kvelden er omme. Så blir det ei nedtrapping i filmsjåing framover. I overkant av 2 filmar i snitt per dag frå starten av november er for mykje.

6/10

Mission: Impossible (1996)

IMDb: 6.6/10 (44,879 votes)

Mission ImpossibleDiskettar med hemmelge CIA-lister, sensorfyllte datahvelv, eksplosjonar, telefonsamtalar frå ulike telefonkioskar. Raske tog, akrobatikk i wires. Aust-europa. «Mission: Impossible» er den type film, ikkje at det nødvendigvis er så dumt, men ein skal ikkje legge for mykje i den heller.

Tom Cruise i hovudrollen. Jon Voight, Jean Reno, Henry Czerny og Emmanuelle Béart i birollar. Det er ikkje vanskeleg å forestille plassere filmen tidsmessig. Men filmen er grei den, ingen tamme augneblikk som gjer at eg verkeleg startar å vurdere det eg ser.

7/10

The Black Dahlia (2006)

IMDb: 5.6/10 (5,253 votes)

The Black DahliaÅ forholde seg til filmmeldarar er ikkje noko eg brukar å gjere, men det eg har høyrt om «The Black Dahlia» stemmer godt overreins med min eigen idé filmen, bortsett frå typiske element som anmeldelsar gjerne går i djubden på.

Historien ser ut til å forsvinne i sjølve filmen og dens mange forsøk på å skape eit grunnlag rundt karakterane. Stilistisk har eg ingenting å utsette på «The Black Dahlia»: tung sigarettrøyk, ekte menn med hattar, mørke skyggar, det blir den typiske noir-settingen som tek fokuset i filmen. Karakterane druknar i alt dette, mest Lee Blanchard (Aaron Eckhart) som oppfører seg tullete på ein unødvendig måte, og som kan knyttast til andre trådar i filmen som plutseleg blir nøsta opp i ein hårball så spesiell at til og med katten ville lurt på om den skulle spyttast ut eller bli verande. Dårleg metafor, men poenget er at filmen ikkje engasjerar eller forundra, men gir kjærleik og rart klippte scener i bøtter og spann inntil Brian De Palma samlar dette og får ei meining ut av det.

Kanskje andre ser samanhengen betre og vil ha større glede av det, men «The Black Dahlia» vil ikkje vere ein av filmane eg kjem til å tenke på når nokon seier Brian De Palma i framtida. Denne gjorde ingen inntrykk og vil fort gå i gløymeboka som ein.. ikkje meir enn ein grei film.

5/10

Carlito’s Way (1993)

IMDb: 7.6/10 (13,795 votes)

Carlito’s WayEin god Brian De Palma film, men den kan ikkje samaliknast med «Scarface ». Grunnen til det er først og fremst at denne filmen ikkje er så aktiv. Tempoet er lågare, og filmen er for svak og mjuk til å imponere i gangstersjangeren.

Al Pacino og Sean Penn er ikkje noko å utsette på, eg har full respekt for Pacino i det meste av arbeidet hans. Og Penn spelar den dopa advokaten med god innleving.

7/10