Payback: Straight Up - The Director’s Cut (2006)
Same historie, anna film. No har eg rett nok ikkje sett kinoversjonen av «Payback» på nærmare 6-7 år, men Straight Up - the Director’s Cut var godt forskjellig i frå det vesle eg hugsa. Ei samanlikning blir urealistisk å få til på sparket utan eit gjensyn med kinoversjonen, noko eg ikkje har planlagt i næraste framtid, så det får bli med dei kalde fakta frå ein medfølgande dokumentar.
Borte er det blåtona bilde, DC er rik på fargar og kontrastfylt. Vittigheitene er borte vekk, nokre kalde scener er lagt til, så det er ikkje snakk om ein lysare film, tvert i mot. Regissør Brian Helgeland sin visjon om ein film med 1970-talsstil er resultatet.
«Payback» - Director’s Cut er ein tøff og målretta film. Men den er ikkje overdreven actionhelttøff. Drastiske val av scener gjer det til ein Mel Gibson-film utanom det vanlege. Ein frisk opplevelse og ein absolutt fornøyeleg film. Dessutan er den på like under 90 minutt. Kompakte filmar er ei fin avveksling.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

(5 hittil)