IMDb: 7.2/10 (30,744 votes)
Noregspremiere på ein etterlengta film frå mi side, og godt under halvfull kinosal i Sogndal. Eg er litt skuffa over oppmøtet, for har eit lite håp om at alle eigentleg er like glad i mytologien omkring Supermann som eg er.
Forhistorien til filmen er eg litt usikker på, for eg er ikkje så hardbarka fan at eg har fått med meg alt som har skjedd. Men det blir heldigvis forklart litt etter litt utover i filmen. Det dreg kanskje litt vel langt ut, og veldig få ord blir brukte den første delen av filmen. Dette set eigentleg ein standard for resten av filmen, for verken Clark Kent eller Lois Lane er særleg snakkesalige.
Handling er det som pregar filmen, og då mest i form at dataanimasjonar. Eg har sett betre animasjonar, men skal ikkje klage likevel. Det eg vil klage på er at det blir litt for mykje fokus på massive konstruksjonar framfor detaljar i dagleglivet til folk. Etter kvart har eg blitt van med å sjå at ein kan få til alt med dataanimasjon, så det blei ingen skikkeleg wow-kjensle her.
Tråden i filmen er ikkje så sterk som eg skulle ønske. Lex Luthor får handa på nokon krystallar, og skapar trøbbel med dei. Rundt dette skjer det litt forskjellig, men eg blir aldri involvert på ein engasjerande måte. Det som går, går sin gang. Oppover mot slutten sat eg verken å venta på kva som skulle skje, eller korleis noko skulle skje. Eg skal ikkje sei eg kjeda meg, det vil vere å gå på feil side. Eg likte filmen, men fann den litt for overfladisk.
Brandon Routh som Clark Kent har eg ingenting å utsette på, han er kanskje ikkje sjå klossete som Clark Kent i tidlegare filmar, men nok til at det blir truverdig som ein karakter. Som Superman derimot, er han litt for Ken, litt for metroseksuell. Kate Bosworth som Lois Lane har eg meir å utsette på. Ho er for snill, for stille. Men har fått seg barn, så ein kan jo forstå at ho ikkje stressar rundt på same gamle måte lengre. Kevin Spacey som Lex Luthor er halvveges. Men etter min tankegang så var aldri Gene Hackman meir enn ein brøkdel. Kevin Spacey ser meir Luthor-aktig ut, han er ikkje komisk på den dumme måten som Hackman. Men eg kunne gjerne ha opplevd han fleire hakk ondare. Karakterar som Perry White, Jimmy Olsen og Martha Kent kom aldri godt med i filmen, og var meir som fyll enn nytte.
Det er meir eg kunne ha snakka om, som den oppgraderte Supermanndrakta, båten til Lex Luthor og kva forskjellar det er på folk her vs. teikneserie og forskjellige TV-seriar. Men nok får vere nok. Eg har kanskje vinkla dette litt meir mot det negative, som ofte er enkelt når ein ser ein film om noko ein har kunnskap om frå før. Superman Returns er faktisk ein god film, svært underhaldande og 2t 30min føles ikkje så lenge. Eit par gjesp innimellom der dei prøvde på noko følelsar, men alt i alt likte eg den godt.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
(0 hittil)