Buffy the Vampire Slayer

7 sesongar. 145 episodar.

Buffy the Vampire Slayer er serien om tenåringsjenta Buffy. I lag med vennene sine, i hovudsak Xander og Willow, slest ho mot mørke krefter. I og rundt småbyen Sunnydale kryr det av vampyrar, demonar og monster. Årsaka er at Sunnydale ligg over eit svakt punkt nær helvete. For onde makter som ønskjer at verda skal gå under er byen eit attraktivt mål, og Buffy er eit trofé mange av dei ønskjer i tillegg.


Foto: Gjengen frå femte sesong av Buffy, inkludert serieskaparen Joss Whedon.

Det tok meg fem år å fullføre Buffy, men eg verset serien høgt trass i tidsbruken. Det er fleire grunnar til at eg likar han. Ein av dei er humoren. Mykje av han baserer seg på serien si emne til å reflekterer over seg sjølv. Gjer handlinga i ein episode ein enkel vri eller nærmar seg tåpeleg, då er serien på plass og påpeikar dette før du rekk å irritere deg over kor enkelt det var. Ein kommentar frå ein av karakterane ligg aldri langt unna. Det har med timing å gjere, emna til å overraske blir aldri undervurdert, og serien tenar godt på det.

Som Seinfeld og fleire gode komedier har gjort leverer Buffy etter kvart doble poeng. Eksempelvis kjem Xander med ei artig bemerkning. Bemerkninga blir artigare fordi den i tillegg refererer til noko artig som har skjedd tidlegare.

Godt drama følgjer humoren tett. Alvoret er alltid nære. Karakterane har sitt å stri med. Vekslinga mellom og blandinga av drama og humor forsterkar kvarandre. I botnen ligg spenninga i dei fysiske kampane. Kampane er sjeldan tilfeldige. Framdrifta i serien spelar ofte på kampane som metaforar for dramaet. På overflata er episodane repetive, ein ny episode betyr eit nytt monster. I samanheng byr episodane på meir. Vi merkar korleis livet til karakterane pregar stemninga undervegs. Ein serie må ha eit interessant univers for å halde det gåande over lang tid, og Buffy forstår og lykkast i å gjennomføre dette.

Universet med Sunnydale og Buffy i sentrum er rikt på forskjellige monster. Serien unngår likevel å bli eit maratonløp av einastearta slosskampar. Karakterane utviklar seg. Slik held dei seg interessante over tid. Merksemda til slosskampane går aukar og minskar, og sorten monster som får merksemda endrar seg. Det som i første sesong var vanskelege vampyrar er reine søndagsskulen i sjuande sesong.

Ein tv-serie har ei historie han skal fortelje. For at det skal vere bra må det vere grundig. At Buffy handlar om det same gjennom sju sesongar er respekt for dei som blei tidleg fans. Det er òg ei avgrensing for serien. Sesongane handlar stadig om å hindre dommedag. Dei same samtalane blir ført gang på gang. Og som eg var inne på, det er mange slosskampar. Dette er grunnar til at eg har brukt så mange år på Buffy. To sesongar om gangen holdt. Fordi eg ikkje ville gå lei doserte eg serien, og det fungerte bra.

Det er ei stor utfordring å oppsummere sju sesongar i eit kort innlegg. Det er lenge sidan eg såg dei første sesongane, og det er lett å bli nostalgisk. Men eg har prøvd å unngå det her. Det er òg lett å ta for hardt i for å få fram eit poeng. Det har eg ikkje klart å unngå. Når det gjeld ein serie som repeterer seg sjølv blir det ofte til at eg set fingeren på det. Med Buffy var det dei mange slosskampane, men det var ein av tinga som gjer serien gøy.

Om det var tvil så er dette ei anbefaling av serien. Buffy har eit godt manus, serien er bygd opp så det er både interessant og gøy i det korte og lange løp. Grunnane som var enkle å setje ord på har eg vore innpå. Alle småtinga og detaljane undervegs er det verre med, men dei er der.

Buffy the Vampire Slayer sesong 4

22 episodar.

Buffy og gjengen har rasert high school, college i Sunnydale er det neste som ventar, for alle utanom Xander. Humoren som pregar serien blir fint ført vidare i form av mellom anna små ting som Xander sine stadige nye jobbar. James Marsters får status som fast rolleinnhavar med Spike i løpet av dei første episodane og ein ny fast i form av Riley blir å følge ved Buffys side utover sesongen.

Ingen direkte raud trÃ¥d i form av ein ond skapning gÃ¥r gjennom heile sesongen, men etter kvart dukkar det militære fasilitetet «The Initiative» opp pÃ¥ godt og vondt. Ikkje den sterkaste fortalte historien i «Buffy», men eg let meg stadig underholde gjennom sesongen. Enkelte episodar tek seg større fridom, men utan Ã¥ gÃ¥ pÃ¥ bekostning av framdrift i dei personlege forviklingane. Ein heil episode er dedikert til tidlegare mindre gjesterolle Jonathan, som brÃ¥tt er blitt Sunnydales mest populære, ein morosam vri i «Charlie’s Angels»-stil. Ein firedelt drøymeepisode der Buffy, Xander, Willow og Giles blir oppsøkt av den første slayeren hellar «Buffy» mot Lynch og delvis kunstfilm, med heilt anna stemning enn til vanleg.

Av bonusar får me sjå ei musikalsk side ved Giles, fantastisk.

Kor vidt dette er like bra som tidlegare «Buffy» klarar eg ikkje heilt bestemme meg for, og ser heller ikkje poenget i å gjere ein stor kamp ut av det. Dette er framleis tydeleg «Buffy», ein del nye innfall gjer det i det minste friskt, college-miljøet gjer det hakket meir vaksent, ingen rektor til å passe på, ingen bibliotek å bruke skuledagen i. Det finst definitivt ting ein kan sakne, men spørsmålet er kor vidt serien allereie har brukt opp high school for det det er verdt.

Med tid og stunder vil eg sjå meir av «Buffy».

Buffy the Vampire Slayer sesong 3

22 episodar.

BuffyNy watcher; Wesley, ny slayer; Faith og ny, gammal borgarmeister; Richard. Tre viktige karakterar for den tredje sesongen av «Buffy», i tillegg til den faste gjengen som Oz (Seth Green) har fått æren av å bli medlem av.

I følge kjelder som Roz Kaveneys «Teen Dreams» er dette den siste av dei klassiske «Buffy»-sesongane, akkurat kva det inneber er eg vel nødt til å finne meir ut av etter kvart, men at det har noko å gjere med siste året på high school er ikkje vanskeleg å forstå. Visse forutsette endringar (for dei som oversikt over Joss Whedons rulleblad) er nære og det ligg ei større spenning opp mot sesongavslutninga.

Det som gjer at eg stadig set pris pÃ¥ denne serien kjem kanskje tydelegare fram enn tidlegare. Karakterane har blitt meir vaksne, med alder kjem alvor, endÃ¥ er humor viktig som aldri før og denne blandinga er skumlare enn nokon gong, dÃ¥ det set nye krav til sjÃ¥aren. Whedon med manusforfattar har ogsÃ¥ gitt karakterane sjølvinnsikt nok til Ã¥ vite kvar grensa gÃ¥r. Eigentleg sÃ¥ har ordet sjølvinnsikt ei mykje breiare meining i «Buffy» enn i dei fleste andre tenÃ¥ringseriar (les: ikkje berre drama), dette er fantastisk gøy Ã¥ legge merke og er ogsÃ¥ tydeleg nok innimellom slik at alle kan forstÃ¥; eg tenker pÃ¥ Oz’ dramatiske gestur ved ein av Willows bekjenningar, nÃ¥r han reiser seg frÃ¥ sofaen og understrekar verbalt at dette er ein dramatisk gestur.

«Buffy» har tidlegare gjort seg god nytte av gjesterollar, i tredje sesong er dette vidareført og blandinga mellom dei vante småhistoriane som kan trekkast som parallellar med Buffys kvardagslege tenåringsproblem og dei større bryggande ondskapane er fin. Eg står framleis fast på at vampyrslakting ikkje er den ultimate sjangeren for meg, eg blir aldri oppslukt i dei mørke kreftene og synst dei mest alvorlege problema Buffy og vennene støyter på blir smått banale, med gledelege unntak sjølvsagt. Så det er veldig viktig å påpeike at serien har andre verdiar som kjem fram om den blir gitt litt tid heilt i starten.

Forresten, andre enn meg som la merke til Anthony Heads (Giles i «Buffy») cameo i «Sweeney Todd: The Demon Barber of Fleet Street»? Lyspunkt i ein elles monoton film!

Buffy the Vampire Slayer sesong 2

22 episodar.

Buffy ses2Å, det kriblar, andre sesong har så mykje å ta tak i at eg ikkje veit kor eg skal starte. Men det er vel berre å gjere eit forsøk, det kan umogleg skade.

Andre sesong er lengre og ikkje minst ei mykje betre heilheit enn den første, der personar og historiar går meir over fleire episodar enn første. Jo, det var «the master» tidlegare, men han var jo ei pingle i forhold til problema Buffy og vennene står ovafor no. Episodisk monstertrøbbel står framleis på plass, i tillegg har du Spike, Drusilla og nokre andre «folk» me innerst inne elskar på grunn av ondskapet dei utstrålar.

Alt stÃ¥r ikkje pÃ¥ fiendane; Buffy, Xander, Willow og Cordelia er eit meir underhaldande fellesskap enn før. Xander kjem med kjappe replikkar som uansett serie vil bli stÃ¥ande blant dei betre plasserte i handling med tanke pÃ¥ situasjonane dei kjem i, og pÃ¥ den humoristiske skalaen, pÃ¥ tvers av tv-seriar, tett fulgt av duoen han og og Cordelia utgjer. OgsÃ¥ har du Rupert, «the Watcher», Spike som nemnt over, Miss Calender, alle er med pÃ¥ Ã¥ gjere dette fornøyeleg. For i utgongspunktet er ikkje «Buffy» blant det mest fantastiske som har skjedd tv-verden pÃ¥ historiefronten, vil eg pÃ¥stÃ¥, og sjekk tv-arkivet mitt her pÃ¥ bloggen — eg har sett litt (ikkje meining Ã¥ vere overlegen her, eller utnemne meg sjølv som ekspert). Det er mÃ¥ten karakterane og eit utruleg vittig dialogrepertoar har blitt lagt inn i monsterdrepinga som er genialt, krydra av mengder med sjølvinnsikt og ikkje minst sarkasme, bevisst tilstades i alle smÃ¥ hjørne av serien.

For ikkje å villeie folk skal eg trekke entusiasmen min eit hakk ned igjen, «Buffy» manglar den ultimate drakrafta som får meg hekta, veldig lenge, ikkje før sesongen trår innpå siste tredjedel er dette spikra godt nok til at eg ser fleire episodar i slengen. Eg har ingen problem med å sjå episodane før dette, dei har ein samanheng og er ikkje kjedelege, men likevel, ingen djevelgnom sit i øyra mitt og overtalar meg til å pakke ned livet mitt i ein sokk for å sjå «Buffy».

No har eg vel eigentleg ikkje nemnt noko av det eg tenkte på mens eg endå såg serien, vingla litt mellom skjult anbefaling og åtvaring, greia er vel i bunn og grunn at så lenge ein er villig til å bruke tid på «Buffy» så vil ein sannsynlegvis vere innstilt på å få eit visst utbytte av det, og då er sjansen for at ein får det stor, eg har iallfall tankar om å sjå meir ein gong i framtida.

Buffy the Vampire Slayer sesong 1

12 episodar.

Buffy the Vampire Slayer sesong 1«Buffy the Vampire Slayer» har lenge vore eit merkbart hol i min generelle kunnskap til tv-seriar. Forguda av nokon, elska blant andre og misforstått eller mislikt av andre igjen, ungdomsserien har sett spor med sine 7 sesongar.

Sarah Michelle Gellar spelar Buffy, ei tenÃ¥ringsjente med trøbbel i bagasjen nÃ¥r ho kjem til ein ny skule. Tildelt rollen som «the vampire slayer» ved fødsel av er ho nødt til Ã¥ stÃ¥ ansikt mot ansikt med overnaturlege vesen av alle slag. Gitt i eit typisk highschoolmiljø, gjennomført pÃ¥ ein ikkje fullt sÃ¥ typisk mÃ¥te. Samanlikna med andre ungdomsseriar gledar «Buffy» stadig med Ã¥ styre unna klisjear, etter bevisst Ã¥ ha bygd opp sÃ¥ publikum trur dei veit kva som vil skje. Utført pÃ¥ ein naturleg mÃ¥te sÃ¥ ikkje hovudvekta endar pÃ¥ overraskingsmomentet, til fordel for flyten.

Budsjettet kan ikkje ha vore det største, samanlikna med dagens effektar og kulisser, miljøet blir i blant litt statisk, men kor mange seriar er ikkje slik? Det har sjølvsagt ingenting eller svært lite å sei, spenninga og dramaet forbetrar seg stadig utover sesongen og endar i ein forrykande sesongfinalen.

Det eg beit meg mest merke i var korleis stereotypane gjerne gjekk ut av skalet sitt, kor smart dette er skrive i forhold til forventingane, at manglar og halvgjorte gjennomføringar her og der ikkje har så mykje å sei. Eg reknar eigentleg med at det berre kan bli betre etter kvart som barnesjukdommane er kurert.