ness
13-Mar-2007

Say Anything… (1989)

Say AnythingIMDb: 7.5/10 (14,768 votes)

Tenåringsromantikk frå 1980-talet med John Cusack og Ione Skye i eit post-highschool scenario. Her er det flust av kassettar og tvilsomme klesdrakter.

«Say Anything…» er ein film elska av mange, og har fått sin plass både på filmlister over drama likt av den generelle befolkninga (amerikansk soleis) og i «1001 filmer du må se før du dør» (omdiskutert bok). Ikkje vits å utsette å sjå den lengre tenkte eg.

Historien er som følgande: Normal gut møter smart jente, som skal reise bort etter sommaren, og dei bestemmer seg for å bli saman. I det minste for den korte perioden fram til då. Så tenker du kanskje (eller kanskje ikkje) at filmen hoppar fort fram til reisinga og det oppstår klisjeaktige episodar omkring den. Men nei, filmen hoppar ikkje særleg, og klisjeane føregår over heile linja.

Filmen er eigentleg god, synst eg, med nok av sidestikkarar som passar inn, sånn at det ikkje føles så enkelt som det eigentleg er. På visse punkt, som framstillinga av jenta sin far, så viser filmen at det ikkje er nødvendig å dra stereotypen heilt ut, ikkje eingong i denne sjangeren.

Lloyd (Cusack) er nok for snill og perfekt, og Diane (Skye) for naiv til å vere så smart. Men i denne sjangeren, frå dette tiåret, har eg ikkje så høge krav til grunnlaget for historia. Så lenge det er dramatikk, boomblasters og eit par stygge hårsveisar her og der, så er eg down with it.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
03-May-2006

Almost Famous (2000)

Almost FamousIMDb: 7.9/10 (48,724 votes)

William Miller er ein 15 år gammal journalist for musikkbladet Rolling Stones, og reiser på turné med rockebandet Stillwater. Bandet Stillwater har eksistert i den perioden filmen foregår i, men filmen har ikkje fått status som anna enn semi-autobiografisk. Historien bak dette finn du her.

Filmen ligg forholdsvis solid plassert på IMDb top 250, og er ein god film. Men eg har meir enn det å sei om den, for det er ting her eg ikkje likar. For eksempel musikkjournalisten Lester Bangs’ (Philip Seymour Hoffman) uttalelse om bandet The Doors. Filmen er ei berg- og dalbane heile vegen, eit par scener blei for lange, Patrick Fugit varierte veldig i truverdigheit. Både for oss publikum og for dei andre rollefigurane i form av William Miller. Den er etter min smak for lang, eg vart veldig utålmodig etter 90 minutt. Noko som kan ha med å gjere at eg framleis har 3.5 sider igjen å skrive om medieregissert verkelegheit før fredag (les: semesteroppgåve), men og fordi den ikkje gav meg noko å gripe fatt i mot slutten. Eg sakna kjensla av at noko måtte skje for å redde situasjonen.

Kanskje det er ein god ting? Noko som eg står fast ved at er ein god ting, er det at filmen ikkje trår inn i rekka av filmar om berømtheiter som har brukt narkotika. Til det har med «Wonderland», «Boogie Nights» og «The Doors», pluss ein del eg nok aldri har sett.

Så konklusjonen min får bli den, at «Almost Famous» er ein god film, som unngår å ta opp bandproblem utelukkande på grunn av narkotika og alkohol, likevel om det finst her. Den gir ei god stemning, og har gode skodespelarar med få unntak. Jason Lee som vokalist Jeff Bebe, og Billy Crudup som gitarist Russell Hammond. Namna stemmer ikkje med dei ekte personane i bandet, så det er nemnt (om Wikipedia er å stole på).

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
04-Dec-2005

Jerry Maguire (1996)

Jerry MaguireIMDb: 7.3/10 (38,290 votes)

Årets beste film! Eller ikkje! Eg skal ikkje gjere narr av denne, det er ein godt laga film, trass blandinga av sport, romanse og lun familiehumor, og den typiske lykkeleg til ulykkeleg og lykkeleg igjen historien.

Men vegen dit er lang og humpete, meir enn eg har sett i like filmar på ei stund. Så det går fint an å late seg underhalde av denne.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10