ness
15-mai-2007

The Third Man (1949)

IMDb: 8.5/10 (28,771 votes)

The Third ManI trange gater, mellom utsmykka murbygningar og haugar av ruinar i etterkrigstidas Austerrike, vandrar westernforfattar Holly Martins (Joseph Cotten). Hans venn Harry Lime er årsaka til at Holly er i denne delen av verda, for han fekk tilbod om arbeid. Men ved ankomst til Wien viser det seg at Harry er død.

Holly merkar ugler i mosen og vil gjerne ha eit klart svar årsaka til Harry sin død. Under ei forhøyrsrunde mellom ulike vitne begynnar det å danne seg eit anna bilde av situasjonen enn offentlegheita har servert.

«The Third Man» er kjent for utprega kamera. Store deler av filmen er tatt opp med kamera på skrå, både vanlege dialogscener og spenningsfyllte utandørsscener. Saman med eit sitarprega lydspor blir det rike Wien-miljøet ekstra overveldande.

Elles må eg nesten nemne bruken av lys og skuggar, som på svart-kvitt blir ekstra markert, ekstra stemningsskapande. Det tekniske er ingenting å utsette på. Ikkje spenninga heller når det er så godt gjennomført. Jakta i kloakken utover i filmen er ein av dei betre sjølvstendige sekvensane eg har sett på ei stund.

Ein anna ting eg la merke til er bruken av tysk språk. Holly Martins er sjølv engelsktalande og forstår ikkje tysk, så dette var ein effektiv måte å framandgjere Wien for han til publikum. For oss som forstår litt tysk, så gir den faktisk meining, men er ikkje nødvendig å forstå.

Mange småting er med på gjere «The Third Man» til ein god film. Det kjem tidleg fram kva filmen vil, og sjølv om den haltar litt ei stund kjem den seg godt på beina etter kvart.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10