Filmdagbok
ness
20-mai-2008

How I Met Your Mother sesong 3

20 episodar.

 
ness
20-mai-2008

Sesongavslutning veke 21

Veke 21 har knapt starta og eg er ferdig med denne vekas sesongavlustningar, faktisk er eg ferdig med alle seriane eg har fulgt på med sånn cirka fast gjennom hausten 2007/våren 2008.

Dette innlegget inkluderar ikkje seriar som «Lost», «Prison Break», «Desperate Housewives» eller «Ugly Betty». Berre for å statuere at eg har fulgt med på desse tidlegare og gitt dei opp. I dette innlegget følger den andre ferske serien eg startar med dette tv-serie-året, «Gossip Girl» og komedien eg etter kvart begynnar å sjå mest fram til neste episode av, «How I Met Your Mother». Kanskje dei to seriane som har gitt meg mest glede i å følge med på tv i løpet av denne tida.

Gossip Girl sesong 1

Visse forventingar var knytta til «Gossip Girl», eg har nytta sjansen til å skrive om serien tidlegare her på Filmdagbok og dei som har lese dette har kanskje fått med seg at eg nemner den som ein av to nye seriar av Josh Schwartz, mannen bak «The O.C.», den andre er «Chuck». «Gossip Girl» er basert på ein bokserie om intrigar blant den øvre klassen i New York, det vere ungdommane i denne klassen. Serien er ei såkalla tenåringssåpe og tek på mange måtar drama likt det i «The O.C.» og bygger rundt dette i ein ny setting. Her er det mindre komedie og meir alvor, men det hindrar ikkje serien i frå å vere morsom, lett og ledig heller, eg vil ikkje overdrive forskjellen. Schwartz har forhåpentlegvis lært av feila han gjorde utover med «The O.C.», dette var ein av utgongspunkta eg hadde for å sette i gong med «Gossip Girl», eg forventa godt tenåringsdrama og det har serien levert i massevis av, karakterane er fantastisk enkle å definere i tillegg til at dei har nok av komplekse sider som gjer dei interessante utover innleiinga, samtidig spelar miljøet ei så stor rolle at eg forventa dette ikkje vil dø ut i starten av andre sesong, slikt «The O.C.» gjorde.

How I Met Your Mother sesong 3

(Frå no av, HIMYM). Når eg starta å følge med på denne serien var det mykje fordi eg hadde lite anna å gjere ei veke, at det var ein komedie som lett kunne fylle eit par kjedelege dagar utan å vere anna enn moro. Det var mot slutten av første sesong, i ettertid har eg prøvd å sjå den med jamne mellomrom, rundt 3-4 episodar i slengen, men etterkvart har det blitt til å følge med på den fast. For «HIMYM» er utruleg morsomt! «Friends» blir det nærmaste eg kan samanlikne den med, for serien har stasjonert seg i New York, handlar om ei gruppe venner og deira kjærleiksliv m.m., er ein sitcom og har truffe spikaren når det gjeld å sette rette skodespelarar i dei rette rollane. Jason Segel, kjent frå «Freaks and Geeks», eit par mindre rollar i Apatow-produksjonar og hovudrollen i den aktuelle «Forgetting Sarah Marshall», kan nemnast. Alyson Hannigan («Buffy», «American Pie») kan nemnast i ei litt meir vaksen rolle enn ho vanlegvis har spelt, som reflektert menneske, men samtidig morsom. Og ikkje minst Neil Patrick Harris, min favoritt i denne serien som playeren i dress, mannen med ei hard overflate, men samtidig eit par mjukare sider som han kjempar hardt for å skjule. Anbefalt!

 
ness
15-mai-2007

How I Met Your Mother sesong 2

22 episodar.

 
ness
16-mai-2006

How I Met Your Mother sesong 1

How I Met Your Mother season 122 episodar.

Lik Friends, er dette ein komedie som skjer i New York, og der me møter ein vennegjeng som har sine problem med kjærleiken. Men det er Ted (Josh Radnor) som er hovudpersonen, og fortellarstemma. Ein gong i framtiden sit han og fortel ungane sine om korleis han blei forelska i mor deira, men først må han berre fortelle om alle omvegane han tok før han kom dit. Historiane tek stad i år 2005/2006, og med i dei er Ted sine beste venner: Lily (Alyson Hannigan), Marshall (Jason Segal), Barney (Neil Patrick Harris) og Robin (Cobie Smulders). Personar som er med på å lage ein fargerik kombinasjon.

Komedie av typen sitcom pleier ikkje alltid å vere like spennande, men har sine unntak. How I Met Your Mother er langt i frå eit nytt konsept, men er likevel nokså morosamt, og vel verdt å få med seg om ein skal sjå det beste av nye komediar for sesongen 2005/2006.