Filmdagbok
ness
12-aug-2006

Dünyayi kurtaran adam (1982)

Turkish Star WarsUser Rating: 6.6/10 (1,473 votes)

Eg kan tenke meg til fleire måtar å opne her på, men går for den informative måten. Som at denne filmen er kjent som «Turkish Star Wars», eller meir korrekt «The Man Who Saves the World». Den er tyrkiskprodusert og hentar inspirasjon og materiale frå «Star Wars», musikk frå «Indiana Jones» og refererar til «Dracula», zombiefilmar og kampsportfilmar.

Filmen er i tillegg til å vere full av romskipkampar henta frå «Star Wars» (og blåst opp til 4:3 frå anamorphic), mykje prega av anna materiale frå naturkatastrofar og eksplosjonar.

The Magician: «If I possess the brain of a single human, I can conquer the Earth.»

Dette er ein liten smakebit på type replikk ein får her. Det oppsummerar også historien til filmen kort og godt. Ein ond mann, som gjerne kan samanliknast med Darth Vader sidan me først er innpå «Star Wars», prøver å ta over verden/galaksen/verdsrommet - litt uklar på kva han eigentleg er på jakt etter. Heltane våre, Murat og Ali, skal drepe The Magician. Grunnen til at eg brukar engelsk namn og engelsk i sitatet er fordi filmen ganske enkelt var teksta på engelsk.

Eg trur vegen mellom å like og mislike denne filmen er kort, men eg kan sei med ein gong at dette var kos, tyrkisk kos. Ikkje minst replikkane, men også slossinga, synet på kvinner, talane om religion og spesialeffektane - det er kos å sjå på. Filmen er ikkje meint som ein direkte komedie, men har den uhøgtidlege måten å føre dialog på som eg først og fremst forbinder med Harrison Fords Han Solo og «Indiana Jones». Spesielt Murat og Ali har nokon gode samtalar om deira talent for å sjekke damer. Dette er med på å løyse opp stemninga, og gjer at ein ikkje berre ler av alt som er dårleg. For dårleg er det i grunn mykje av, spesielt i produksjonen, her kunne Kunt Films ha budsjettert litt høgare.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10