Bakjwi (2009)

IMDb: 7.3/10 (6,431 votes)

Vampyrfilm er populært, og for å tilfredsstille folket har eg beslutta å skrive eit par velvalde ord om «Bakjwi», som er ute på det internasjonale filmmarkedet under tittelen «Thirst».

Først skal det nemnast at «Thirst» er ein god film. Den er sør-koreansk og laga av Park Chan-Wook, som mellom anna har laga «Oldboy». Så er «Thirst» ein lang film, men det går fint fordi den heile tida utviklar seg, innanfor ei historie og med overgang til nye. Dei som har sett film av Park Chan-Wook tidlegare vil kanskje forvente brutale scener; dette blir servert, men dei stel ikkje showet.

Humoristiske innslag som eg stort sett set pris på i sør-koreansk film, er det passe mange av til at dei fungerer som avbrekk og lettar på stemninga. Det var lett å merke at publikum sette pris på desse i den elles så mørke tematikken, og publikum under filmklubb og cinematekvisingar er godt over gjennomsnittet til å hente ut fornuftige inntrykk av.

Framstillinga av vampyrskapninga er gjerne grunnlag for diskusjon nÃ¥r nyskapande variantar kjem pÃ¥ bane. Kor nyskapande vampyrane er her har eg ikkje nok kunnskap til Ã¥ uttale meg om, men deira avstand frÃ¥ ei dyrisk framstilling (ikkje mine eigne ord) var ein eg sette pris pÃ¥ — her er det ingen tenner.

For den som ikkje har fått sett «Thirst» på festival eller Cinematek, så har den altså Noregspremiere 5. mars. Verdt å få med seg både for vampyrelskande og vanlege. Om kanskje ingen kandidat for topplassering på årslista mi, så fin å sjå på kino. Både for variasjonen og underhaldinga si del.

7/10

Saibogujiman kwenchana (2006)

IMDb: 7.1/10 (665 votes)

I’m A Cyborg But That’s Ok«I’m a Cyborg, But That’s OK» er Chan-wook Park sitt forsøk i komediesjangeren etter ein dystrare hemntrilogi. Dette er historia om ein ung jente pÃ¥ eit anstalt for forvirra, som trur ho er ein cyborg.

Filmen er meir ei skildring av anstaltet med dei rare folka som er der enn ei enkelt historie frå A til B. Den held eit roleg tempo og brukar lang tid på å gjere noko ut av seg. For lang tid spør du meg. Men etter den var halvveges byrja det å likne noko. Då kjem den lune humoren fram i lyset og alt får ei meining, fram til dette må ein gå djupt for å få fram det filmen har å tilby. Eg vil ikkje påstå det er dårleg, men når forventingane mine låg på eit litt lettare nivå tapte eg personleg litt av filmen i ein tilvendingsperiode.

Men eg har tru på at filmen vil synke betre inn med tida, og tene på eit gjensyn, sopass er eg villig til å gi den. Og den var jo sjarmerande, til tider veldig morosam, og samtidig veldig alvorleg. Det var berre tempoet i starten eg ikkje heilt slo meg til ro med.

6/10

Boksuneun naui geot (2002)

IMDb: 7.7/10 (5,430 votes)

Sympathy for Mr. Vengeance«Sympathy for Mr. Vengeance er første film ut i Chan-wook Park sin hemntrilogi. Andre film er «Oldboy», som eg har sett og likt, men eg har mine tvil om den tredje etter å no ha sett nummer ein.

Dette her handlar om ein stumdøv, ei sjuk søster, nyretransplatasjon og grusom hemn. Vel gjennomført pÃ¥ nesten alle omrÃ¥de — det her er ein kvalitetsproduksjon, som ikkje fell i smak.

Eg synst dette vart kjedeleg. Etter Ã¥ ha venta i ein time pÃ¥ at noko som helst av interesse skulle skje — for eg hadde store forhÃ¥pningar etter Ã¥ ha høyrt gode ting om filmen, sÃ¥ skjedde det ikkje sÃ¥ mykje. Pluss at som skjedde var for grusomt til Ã¥ nyte pÃ¥ nokon mÃ¥te.

Den vanskelege posisjonen filmen set tankane mine i hellar både for og mot. For at filmen klarar å få fram sidene ved grusom hemn, mot om filmen er verdt 2 eviglange timar med så lite dialog som i «2001: A Space Odyssey», og så mykje venting.

6/10

Oldboy (2003)

IMDb: 8.3/10 (20,998 votes)

OldboyFørst av alt, eg har sett filmen før, og oppsummert ein del av mine tankar frå den gongen i eit innlegg som kan finnast her: «Oldboy».

Tilbake til notiden. Med berre eit fåtall minner frå sist gong eg såg filmen, stillte eg med tilnærma blanke ark, og var like forbløffa, fråstøytt og underhaldt som eg blei for eit år sidan. Du får så mykje blod, klassisk musikk og seksuelle perversitet i fanget på ein gong, at du ikkje kan nekte for at det ha ei virkning på deg når det er blanda i hop. Den klassiske musikken får meg til å tenke på «A Clockwork Orange», medan anna musikk gir meg assosiasjonar til noko fransk og romantisk. Eit stort sprang som seier litt om kva musikken hadde å sei for filmen.

Som eg nemner i innlegget mitt frå i fjor, når det har gått ca 1.5 time ut i filmen, så går tempoet litt ned, og ein trur filmen er i ferd med å fase ut. Men det då den beste delen kjem!

7/10

Oldboy (2003)

IMDb: 8.5/10 (7,430 votes)

OldboyDae-su Oh blir halde fengsla i 15 år utan å vite av kven eller kvifor. Når han bli sluppe fri er han sugen på å kvinne ut kven dei er, og hemne seg. Eg såg fram til ein psykotisk Dae-su etter å ha observert filmtraileren på Apple, men han er ikkje så skrudd som eg forventa, likevel om han framleis er skrudd. Når det var igjen ein time av filmen fekk ei kjensle av at filmen var ferdig, men så plutseleg tok den ein interessant og uventa retning.

7/10