The Great Dictator (1940)

IMDb: 8.3/10 (21,108 votes)

The Great DictatorSir Charles Chaplin Jr. markerte overgongen frå stumfilm til lydfilm relativt seint, når han i 1940 kom med krigssatira og parodien på Adolf Hitler og det tredje riket i «The Great Dictator». Likheiten til Hitler er i blant skremmande, Chaplin er som kjent både liten og med signaturbarten sin og luftige knickers er det tøft å sjå han trå inn i ei rolle som etterliknar ondskapen sjølv. For å få komedien til å verke spelar Chaplin også ein jødisk frisør, som for å kunne bli hylla som helt og samtidig få skrytet for å portrettere den grusomme fienden.

Ved Ã¥ ta opp diktatur, folkeundertrykking og krig som tema gir Chaplin god grunn til bÃ¥de drama og komedie, der gesturar gjerne knytta til slapstickhumoren i stumfilmen fÃ¥r variere med glimrande babbel eller sterke monologar besatt av meiningar med gode intensjonar. Av babbel er tulletysken til diktator Adenoid Hynkel eigentleg veldig simpel, med ord som wiener og sauerkraut i ei rekke av uforstÃ¥eleg nonsens, men det gjer susen — Chaplin viser seg Ã¥ bere ei kraftig stemme, god til Hitlerparodierte talar.

«The Great Dictator» er med sine 2 timar ein lengre film, etter å ha sett Chaplin før og vore glad med det var eg likevel småskeptisk til om dette kunne halde over så lang tid. Blandinga av drama, komedie og krig viser seg å vere det perfekte område for Chaplin sitt utløp for politisk engasjement og komiske talent, der han med tale kan strekke ut historia ved sidan av flotte bilderekker eg ser for meg lett kunne ha blitt gjort i stumfilmsamanheng.

9/10

Modern Times (1936)

IMDb: 8.5/10 (14,335 votes)

Modern TimesMerittlista mi med Charles Chaplin-filmar er skremmande kort, og Modern Times har lenge stått på lista over filmar eg skulle ha sett, saman med «The Great Dictator». Så, i går, på forelesing i faget med den kjekke tittelen «Ting og teikn» fekk eg endeleg komme i gang med filmen.

60 minuttar seinare var det stopp, og tiden var over. Så eg måtte ty til dei kreative metodane for å skaffe meg filmen og få sett den ferdig sjølv. Frå starten av var filmen hyggeleg morosam, og latteren var lett på lokket. Når eg skulle sjå dei siste minuttane på eiga hand blei det automatisk lengre mellom latteren. Eller, for å vere ærleg så gjorde eg ikkje anna enn å trekke på smilebåndet her og der.

Men filmen er god den, og absolutt ein film ein bør ha sett i filmhistorisk samanheng. Den som ikkje kjenner Charles Chaplin sitt arbeid har gått glipp av noko. Eg har lenge gått glipp av denne, men har til mitt forsvar sett «The Kid».

6/10