Etter forrige møte med David Lean, i form av «Brief Encounter», hadde eg ikkje dei høgaste forventingane til «Great Expectations». Men denne adapsjonen av romanen til Charles Dickens blei til ei betre filmoppleving. Ei nokolunde lik kjensle som dukkar opp når eg ser (dei gode filmversjonane av) «A Christmas Carol» kom til overflata her, og eg blei som arbeidsklasseguten i filmen sugd inn i ei rikare verd. Reint bortsett frå ein slutt som betyr lite er ingenting forhasta, filmen lukkast med ei oppstykkja historie og mistar aldri fokus på den sentrale karakteren i utforskingane i fleire tidsrom og ulike kjennskap.
Eg står på kanten mellom å sei at dette er ein grei film og ein bra film, men vel bra fordi eg er godt fornøgd med skodespelarane, og fordi eg tykkjer filmen er spennande. Eg må innrømme, eg har aldri lese Oliver Twist, eller sett nokon andre Oliver Twist produksjonar, så eg var heilt blank når det gjaldt handlinga. Eg hadde ingen forventningar, anna enn å sjå ein god film. Filmen kjeda meg ikkje, heller det motsette, den gjekk fort, noko eg ofte dommer filmar på. Viss ein film går fort, så har eg blitt underhalde, viss ikkje, så har den vore kjedeleg. Dette er ikkje alltid det stemmer, men kanskje halvparten av gongene. Filmen gav meg dog ingen inspirasjon, hard hjartebanking eller ettertanke.
