Adventures in Babysitting (1987)

IMDb: 6.4/10 (11,788 votes)

Første gong eg kom over plakaten til «Adventures in Babysitting» var eg rimeleg skeptisk til dette. Plakaten i seg sjølv er stilig, illustrert til og med, eit pluss i boka mi. Men tittelen, kva kalde grøss som gjekk nedover ryggen nÃ¥r augo las «babysitting».

Ein skal ikkje skue filmen pÃ¥ plakaten, eller tittelen for den del. Det som vippa meg over til Ã¥ sjÃ¥ filmen var godorda om Elisabeth Shue, formidla av rollefiguren til Coogan i «Hamlet 2», ein film som Shue gjesterollar som «seg sjølv» i.

Til filmen! Joda, Elisabeth Shue er fin å sjå på, og gjer ei grei rolle. Filmen er ikkje all verden å skryte av. Lenge består den av småtrøbbel utan interesse, ein form for «Home Alone»-light, og ikkje før dei siste minuttane blir dette i nærleiken av å nå den forma som Chris Columbus gjorde best med nettopp «Home Alone».

Alt i alt er dette ein middels film, som leverer for lite til Ã¥ bli verdt tida, men hentar seg nok inn igjen til at den blir vanskeleg Ã¥ skyve under midtkarakteren. SÃ¥ har eg i det minste lært meg Ã¥ like tittelen, og synst plakaten er fin òg, god — pÃ¥ Ã¥ttitalsvis.

5/10

Harry Potter and the Chamber of Secrets (2002)

IMDb: 7.2/10 (104,893 votes)

Harry Potter and the Chamber of Secrets poster«Harry Potter and the Chamber of Secrets» er andre filmen i rekka, og baserar seg på Harry sitt andre år på Hogwarts. Mørkare, meir spennande og betre gjennomført er passande stikkord. Detaljnivået i forhold til boka er derimot ei heilt anna side, for her blir filmen litt overfladisk i forhold. Eg klagar likevel ikkje, for sjølv om «Harry Potter and the Chamber of Secrets» er i overkant på lengda av det eg ser på som optimalt for film, så køyrer Chris Columbus løpet fullt ut i sin andre (og siste) Potterfilm som regissør. Som tittelen hinta til er det snakk om eit hemmeleg (eller mystisk) kammer, på Hogwarts, med eit grusomt monster i. Kammeret får ikkje all merksemd her, med den delen av historia åleine kunne filmen klart seg på betrakteleg kortare tid. Her blir det brukt tid på å utdjupe og opne for fleire sider av trollmannverda, som seinare kjem til å spele ei viktigare rolle, og som absolutt er til å drøyme seg vekk i.

6/10

Harry Potter and the Sorcerer’s Stone (2001)

IMDb: 7.2/10 (115,125 votes)

Harry Potter and the Sorcerers Stone poster«Harry Potter and the Sorcerer’s Stone» var først ute pÃ¥ lista, som ein av dei to filmane eg ikkje hadde sett tidlegare. Ettersom det var ei god stund sidan eg sÃ¥g ein Harry Potter film i heile teke, sÃ¥ var eg mildt sagt veldig spent pÃ¥ Ã¥ møte unge Potter og vennene hans igjen, etter Ã¥ ha brukt dei siste mÃ¥nadane pÃ¥ Ã¥ roleg lese meg gjennom dei seks publiserte bøkene (pÃ¥ engelsk sjølvsagt!). «Harry Potter and the Sorcerer’s Stone» handlar om Harry sitt første Ã¥r pÃ¥ Hogwarts (ingen Galtvort her i gÃ¥rden!), og er rimeleg lys i forhold til seinare filmar. Sentralt i handlinga er altsÃ¥ denne «de vises stein», som blant anna er etterlengta av mørke krefter. Filmen ber preg av at dei unge sentrale skodespelarane er rimeleg ferske framfor kamera, og heller ikkje spesialeffektane er noko Ã¥ skryte av. Det gjer ikkje sÃ¥ mykje, magien er bevart godt nok til Ã¥ gjere det kjekt. 2t 30min blir heller ikkje for mykje i ein slik samanheng.

6/10