ness
16-jun-2006

Screamers (1995)

IMDb: 5.7/10 (3,579 votes)

ScreamersSettingen her er ganske lik den i «Total Recall», me er på ein fjern planet, år 2078, som har blitt brukt til å utvinne eit energirikt mineral. Men etter det viste seg at mineralet var radioaktivt har drifta av gruvene stoppa, og berre militære utpostar er igjen. Ved hjelp av ein spesiell type sigarett er det mogleg å moteverke radioaktiviteten.

Vår protagonist, Joe Hendricksson, er øverstkommandant i ein av dei militære basane. Ein dag får han beskjed frå ein av sine overordne å møte for fredsmekling i ein anna base, for å få stopp i den langvarige krigen mot, vel… dei som ikkje er allierte. Men for å komme seg dit må han gå, og på vegen lurer det massevis av «screamers». Det er ein form for intelligente mekaniske skapningar som kan produsere og utvikle seg sjølv, og er ute etter å drepe menneske.

Så følger filmen standard prosedyre med ei mindre gruppe militære i besittelse av kraftige våpen som skal komme seg frå ein plass til ein anna, og må drepe både forventa og uforventa skapningar på vegen. Me har sett det nok gonger før, både før og seinare. Det næraste eg kan sammenligne med nettopp no er «Doom», sjølv om denne filmen var fleire hakk betre.

Elles vil eg nemne at dette og, som «Total Recall», er ein film basert på ei novelle av Philip K. Dick. Noko som forsåvidt er grunnen til at eg ser den. Og med dette har eg sett alle filmatiseringar som er gjort av denne forfattaren, med unntak «Confessions d’un Barjo», mindre TV-produksjonar og ein dokumentar. Nokon som forresten har sett dokumentaren «Drug-Taking and the Arts», «Barjo»-filmen eller noko av TV-produksjonane og vil anbefale det?

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10