Yella (2007)

IMDb: 6.6/10 (770 votes)

YellaTil «Yella» stilte eg med blanke ark, eg ikkje hadde høyrt om filmen sin tittel eingong før like før den blei køyrt i gong. Sjeldan har eg så ekstremt lite forkunnskapar, men dette var ein interessant måte å starte på. Yella er namnet på dama som filmen handlar om, me får vite at ho har fått seg jobb utanbys og skal flytte. Tidleg gjer ho det dumme valet og let eks-kjærasten køyre ho til togstasjonen. Han er mentalt ustabil og det skjer ei ulykke på vegen; Yella får ei nær-døden opplevelse. Tross ulykka kjem ho seg overraskande fort til stasjonen og reiser til Hanover der ho jobbar med noko økonomistyr. Når filmen var komme så langt, rimeleg tidleg ute i filmen, hadde den delvis mista meg. Resten av filmen prøvde eg mest å fange opp små humoristiske augeblikk for å overleve og ikkje minst fotografiet. Sjølve handlinga var lite givande, rett og slett småkjedeleg. Detaljar i bilde avslører fort at noko ikkje er som normalt, og det er vel meininga. Men ikkje så godt gjennomført at eg får noko glede over det.

5/10