Filmdagbok
ness
21-aug-2008

The Dark Knight (2008)

User Rating: 9.2/10 (242,630 votes)

Mange vil gå så langt som å kalle «The Dark Knight» årets film, enkelte vil nok også sette den på lista blant dei beste filmane dei har sett, uansett korleis eg vrir og vender på det får eg verken det eine eller det andre til å stemme sjølv.

Christopher Nolan er tilbake i regissørstolen og Christan Bale er igjen Bruce Wayne/Batman i oppfølgaren til nysatsinga av Batman som starta med «Batman Begins» i 2005. Som sluttminuttet i den filmen hinta til er det igjen The Joker, ein av Batmans største fiendar som også var skurken i Tim Burtons «Batman» med Michael Keaton frå 1989, som er superskurken her, ikkje heilt åleine, i ei innfløkt, men likevel ikkje innvikla blanding finn me både Two-Face, mafiaen og mindre problem.

Hypen som mange gav meg håp om at kunne ha noko for seg, hadde over tid bygd opp relativt store forventingar. Sidan det tok si tid før eg fekk sett «The Dark Knight» etter den dukka opp på kino roa forventingane seg eit par hakk ned, om det går an å uttale seg på den måten, men det er ikkje til å legge skjul på at eg blei skuffa over filmen, som tross skuffelsen eg vil karakterisere som ein god film.

Det gode med «The Dark Knight» er måten den framstille Batman på, som vigilanten han er og komplikasjonane hans posisjon, då her i Gotham City, fører til på godt og vondt. Her er det rikdom på gode skurkar og motstand som unngår klovnepreget spesielt 1990-talssatsingane av Batman hadde overflod av. Behandlinga av så mange større og mindre historiar side ved side er utført med stødig hand og ingenting gav meg ved første vising inntrykk av å vere ufullstendig. Denne variasjonen hentar «The Dark Knight» ut frå å bli ei avgrensa handling i livet til ein superhelt. Dessverre er også dette mangfaldet noko som resulterar i at filmen får ei ubehageleg lengde som gir aldri, aldri tek slutt, så eg stiller meg ikkje utelukka positivt til alle skurkane heller. Dei aller minste og mest ubetydelege som ikkje utgjer hovudtrådane filmen følger kunne for min del gjerne blitt kutta.

På skodespelarsida er det ingenting å utsette, her passar alle som fot i hose. Christian Bale står som ein halvveges mystisk Bruce Wayne som avstår frå å blotte sin person fordi det rett og slett ikkje er nødvendig for filmen, Heath Ledger forsvinn nok litt bak sminken, men The Joker her er den beste framstillinga av karakterens psykopatiske side eg har sett, ei side som igjen passar bra inn i tonen til resten av filmen. Den minst heldige karakteren er nok Harvey Dent, som tidvis er ganske anonym. Før Dent blir Two-Face (noko alle burde vite) blir det brukt mykje tid på han utan at det eigentleg er spesielt interessant, Aaron Eckhart gjer det beste han kan ut av rolla virkar det som, men det er Two-Face som er den interessante varianten av Harvey Dent - og det var ein skuffelse å sjå type «Terminator-teknologi» bli nytta så opplagt, det fall ikkje i smak her, her som Eckhart tok eit par steg opp i å få ytre seg på skjermen forsvann litt av moroa bak ei upassande dataanimert maske.

Sett vekk frå mange små skuffelsar lot eg meg underhalde godt nok stort sett, i Batman-perspektiv deler denne plassen med «Batman Begins» i «live action»-samanheng (eg vel å utelate animasjonane som eg ser på som heilt andre filmopplevingar). På fleire måtar kan nok «The Dark Knight» vere betre enn «Batman Begins», men den store gleden i å oppleve ein mørkare superheltefilm (definisjonen av Batman som superhelt kan diskuterast ein anna gong) var ikkje så tilstades denne gongen og det var ein del forventingar knytt opp mot dette.

Etter grundig tenking hamnar eg på ein sterk sjuar.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
26-aug-2007
Comments Off
Comments Off

The Prestige (2006)

User Rating: 8.4/10 (78,436 votes)

The PrestigeEit vennskap mellom to spirande magikarar blir øydelagt av den eine si trang til å tøye grensene, ein episode fører til at ei ung kvinne i eit utbrytingsnummer druknar og den eine av dei to spirene legg skulda på den andre.

Etter kvart utviklar dette seg til ein seriøs kamp om å utføre den mest spektakulære tryllekunsten, samt eit mørkt og blodig hemntokt som utviklar seg til å gå begge vegar. «The Prestige tek oss med både framfor og bak showet. Den forklarar i overkant av det som er nødvendig for å bli imponert, men ikkje alt. Me får eit innblikk i illusjonar og vitskap som er utgongspunktet for fine tryllekunstar. Dessutan torer «The Prestige å spe på med mystikk, gjerne iført spesialeffektar.

Forteljarstilen er utfordrande, men elegant gjennomført. Ei historie blir fortalt stort sett i tilbakeblikk, frå ulike synspunkt og mange løgner på lur. Eg føler likevel ikkje at det ligg an til den største overraskelsen, mange hint ligg tydelege i bilde undervegs på kva det dreiar seg om.

Ved sidan av for mykje eksponering synst eg skodespelarane bleiknar her. Ingen er dårlege, men eg hadde forventa meir når namna er Christian Bale og Michael Caine, blant fleire. Dei ror det i land, men forutan å vere ein underholdande film på 2 timar kjem eg ikkje til å hugse denne i større grad.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
27-jun-2006

Batman Begins (2005)

Batman BeginsUser Rating: 8.4/10 (86,041 votes)

Ein plass går grensa for alle filmar i å kunne sjå dei opp igjen. Den har eg overstege her for Batman Begins. 4 gongar er 1 gong for mykje, men kinooppleving var heldigvis god nok til at det gjekk likevel.

I ein av Danmarks største kinosalar, rykta seier den 3., såg eg filmen med 500 andre livsglade festivaldeltakarar. Roskilde Cinema som kinoen heitte, er ein midlertidig oppsetting for sommarens Roskilde Festival, og gjer ikkje skam på verken engasjement eller inngangskostnader. For til 0 kr, men dog ein halvtime i kø (som vidare er ganske bra kort til å vere ventetid på festivalområde), fekk eg og alle andre sett filmen med berre 2 tekniske problem, nok av jublebrus ved alt som kan kallast høgdepunkt og klisjear, samt improvisert dansing av eit par fulle folk kledd ut som Badman og Robin.

Ei annleis filmoppleving.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
19-nov-2005

Batman Begins (2005)

Batman BeginsUser Rating: 8.3/10 (63,223 votes)

Den tredje gongen eg ser filmen. Den er fortsatt god, men ikkje så god som på kino. For denne gongen såg eg filmen frå DVD på ein TV med vanlege TV-høgtalarar.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
26-jul-2005

Batman Begins (2005)

User Rating: 8.3/10 (46,472 votes)

Batman BeginsLike god som første gongen. Ein fin film.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
16-jul-2005

Batman Begins (2005)

Batman BeginsUser Rating: 8.3/10 (42,215 votes)

Omtrent så bra det kan bli når teikneserie går til lerretet. Filmen klarar å unngå å drepe deg med spesialeffektar, likevel om dei er tilstades. Den er morosam, litt enkle one-liners her og der, men eg skjønnar at det må til for å tilfredsstille mangfaldet. Så nokon av dei kunne for min del ha vore unngått. Det er ingen ting å utsette på handlinga, eg likte den.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10