«Freddy’s Revenge» kom altfor fort, Ã¥ret etter «A Nightmare on Elm Street», med «Dream Warriors» har det blitt tid til Ã¥ skrive eit betre manus, av Wes Craven, og pÃ¥ skodespelarsida er det igjen namn verdt Ã¥ nemne.
Wes Craven har ikkje tatt på seg å regissere «Dream Warriors», som hentar tilbake Nancy seks år etter historien i første film tok plass. Ungdommar har nok ein gong fått eit felles mareritt om stygge Freddy, med Patricia Arquette som viktigaste ungdom i trøbbel blir me flytta til eit sinnsjukehus der Nancy nyleg har blitt henta inn som hjelp ettersom ho etterkvart har spesialisert seg på draumar i psykologibransjen.
I «Dream Warriors», ein tittel som blir vist i den mest funky grønfargen over skjermen innleiingsvis, kudos til dei som har fiksa det, er teamarbeid i kampen mot Freddy — som aldri ser ut til Ã¥ forsvinne — det viktige. Filmen bygg vidare pÃ¥ bakgrunnshistoria den gjekk innpÃ¥ i første filmen, noko som med stabilt manus bidreg til ein god filmopplevelse og interessant karakterskaping av Freddy. Men det er endÃ¥ meir Ã¥ hente her merkar eg. Igjen er ting blitt gøy, effektane er storvegs — mykje stop motion her — og stemninga er guffen. Spesielt ei scene der musklar blir revne ut og brukt som trÃ¥dar til Ã¥ styre personen i eit dukketeater, dette var grøss Ã¥ sjÃ¥ pÃ¥.
Eg føyer meg ikkje for andres press angåande mine eigne karaktervurderingar, iallfall ikkje ofte, grunnen til at eg i denne stund gir denne ein sjuar og hevar «A Nightmare on Elm Street» til 8 er fordi eg har funne meg meir til rette med desse filmane på vurderingsstigen min, som stadig byr på vanskar ettersom tal er tal og det er vanskeleg å sette tal på meiningane til ein film. Dette er ein god film, «A Nightmare on Elm Street» ligg over.
