The Outlaw Josey Wales (1976)
tirsdag, juli 3rd, 2007«The Outlaw Josey Wales» startar idyllisk, men denne idyllen blir fort broten og Josey Wales (Clint Eastwood) blir etter kvart ein lovlaus, med fleire folk i nakken. Det er likevel ikkje Wales som er skurken her, men soldatar og dusørjegerar. På flukt frå, om ein kan kalle det flukt, desse folka dannar me oss eit bilde av ein dyktig, avtrekkarglad, men rettferdig person. Innimellom, og då spesielt før filmen får verkeleg etablert seg, kan ein merke at ikkje alt sit som støypt. Dette forbetrar seg, og heilheitsinntrykket av filmen er alt anna enn negativt. Også skytescenene, dei er veldig fine, eller tøffe. Det meste klaffar eigentleg rundt ein velkjent Clint Eastwood-karakter, denne gongen med eit tydeleg namn. Filmen er forøvrig regissert av mannen i tillegg, dyktig som oftast.
I «Pale Rider» dukkar Clint Eastwood opp i kjent skikkelse. Balansert og smart og med ei ukjent fortid. Ein liten gruvekoloni har problem med den lokale stormannen LaHood og som sendt frå oven dukka Clintern opp i presteskikkelse. Heller ikkje i «Pale Rider» har han noko namn. Forutan merke etter kulehol i ryggen er det ingenting bestemt som kan seiast om mannen. Ei overhengande mystisk fortid er vel så effektivt, kanskje meir, enn ei utgreiande historie for å rettferdiggjere ein persons handlingar, i filmsamanheng. Også sparar det oss for mykje fiksfakseri så fokuset på filmen si notid blir sterkare, om filmskaparen lykkast i vinklinga. Men tilbake til «Pale Rider». Dette er ein oppegåande film som held eit roleg tempo med unntak av nokre harde konfrontasjonar i blant, desse er på høgde med det beste westernpistolaction eg har sett og er svært underhaldande. Snakket i filmen har ei djubde og er ikkje berre der for å vere snakk, samt Clintern si rolle unngår å bli ein helt som skal ta alt i sine eigne hender fordi han har ein sans om kva som er rett og feil i samfunnet. Alle gode bitar som endar opp i ein god film.
I forbindelse med rundinga av 800 reine filmpostar, ekskludert tv og andre samlepostar, hadde eg tenkt å ha ei forslagsrunde på kva film eg kunne feire det runde talet med. Når eg så skulle til å skrive om Clint Eastwood sin andre del av det tosidige krigsfilmdramet om kampane på den japanske øya Iwo Jima, merka eg at dette var film nummer 800, så der gikk planen i vasken.
Dette var langt betre enn forventa. Eg er alltid skeptisk til film om andre verdskrig, men skauv desse følelsane så godt unna eg kunne før eg sat meg ned med den første av Clint Eastwood sine to krigsfilmar om hendingane på Iwo Jima. Og det lønna seg, for dette var saker.
Forstyrra vaksne prega av ein hard barndom med pedofili o.l. virka vere den perfekte oppskrifta for eit drama. Kevin Bacon har spelt i to utanom denne som eg kan komme på, «Sleepers» og «The Woodsman». Her har han følge med Tim Robbins og Sean Penn mellom anna. Og når den i tillegg er regissert av Clint Eastwood er den på god veg.
Eg kan sei det først som sist, eg er skuffa. Filmen er langdryg og roleg, men ikkje på den gode gamle Sergio Leone-måten. Den blir kjedeleg, og eg tykkje ikkje den fortjena posisjonen sin på IMDb top 250. Den er ikkje totalt bortkasta tid, og eg ser sjølvsagt eit par ting i filmen som eg kan forstå andre vil like, men i kveld var det sovemedisin, og det ville det nok ha vore i morgon og. Så eg får håpe eg ikkje vekker for mykje harnisk med å skrive …
Ein fin film frå Clint Eastwood. Den beste boksefilmen eg har sett hittil, men så har eg ikkje sett anna enn «Rocky» og «Ali».
Langdrygen film. Forutsigbar. Kun litt rørande. Men elles bra, tankevekkande.