Første møte er alltid spennande. DÃ¥ eg snakkar om første møte er det med tanke pÃ¥ skodespelar eller regissør, eller som i dette tilfelle — begge rollane — Buster Keaton. Ein dannar seg eit bilde av folk viss namn er veldig kjent, eg sÃ¥g for meg Buster Keaton som ein kopi av Charlie Chaplin, smal erfaring som eg har til komiske stumfilmar. Buster Keaton enda derimot opp med Ã¥ bli den andre sida av forholdsvis same mynt.
Der Charlie Chaplin gjer utruleg mykje ut av seg sjølv, morosamt det også, og kan knyttast til overdrivelse er Buster Keaton mykje om å underdrive og ligge lågt i terrenget, iallfall er det slik i «The General». Sprell og andre fysisk stunts manglar det ikkje på, men dei har med å komme naturleg i handlinga framfor å drive handlinga. Til å spele hovudperson er det ei nedtona og litt sky Buster Keaton me møter her, naturlegvis er dette rolla han spelar, men å tenke anna enn at lokomotivføraren me møter er Keaton er vanskeleg.
«The General» har ei historie som held seg godt og stadig utviklar seg i bestemt tempo over ca 100 minuttar. Denne historia involverar mykje togkøyring og den amerikanske borgarkrigen. Sjølve togkøyringa, som tek store deler av filmen er favorittdelane mine, her er det fart, dramatikk og spenning utan like, utan at eg skal eksludere og/eller undervurdere den genialt morosame omskrivinga av amerikansk krigshistorie som gir ein fin vri.
