Black Snake Moan (2006)
Den forrige filmen til Craig Brewer, «Hustle & Flow», var overraskande bra. Det var heilt naturleg at eg måtte sjå «Black Snake Moan».
Samuel L. Jackson lever seg fantastisk bra inn i rollen som Lazarus og gjer med eit nydeleg soundtrack store delar av filmen. Ein dag dukkar den horete Rae (Christina Ricci) opp like ved huset hans, forslått og med trang for hjelp. Laz ser på det som si oppgåve, fått frå Gud, å hjelpe jenta på rett køyr igjen.
Filmtraileren (kan sjåast her) gav uttrykk for ein svart komedie med seksuelle undertonar, utan like. Filmen har desse ingrediensane, og Jackson hadde fleire vittigheitar som blei gullkorn frå hans munn, men det ligg meir til grunne for denne filmen. Forholdet som utviklar seg mellom Laz og Rae er nydeleg beskrive, og framstillinga av småbyen me befinn oss er med på å skape ein samansett atmosfære rundt filmen.
Det er ikkje til å komme utanom at filmen har eit par minus, heldigvis er dei relativt små. Lydsporet, som var ein av plussa ved filmen, er og ein av minusa. I blant tyr filmar til altfor utstrakt bruk av stemningssettande musikk, dette synst eg «Black Snake Moan» gjer óg. Men så må eg nemne at musikken on-screen, framført av Samuel L. Jackson, gjorde underverk. Det andre som eg tenkte å ta fram som minus er eg litt usikker på, men det skjer ikkje så mykje i filmen som eg hadde forventa. Men med vakker gjennomført stil og ei god stemning til er det kanskje ikkje nødvendig akkurat her?! Det hadde nok heller ikkje skada å kutte filmen med nokre minuttar.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10


(0 hittil)