Batman: Mystery of the Batwoman (2003)

IMDb: 6.8/10 (863 votes)

«Mystery of the Batwoman» var ein sann opptur frå framtidsflaggermusa eg nyleg såg i «Return of the Joker». Bruce Wayne er i sitt ess, det er mystikk rundt ei ny kvinne i flaggermuskostyme og ein solid dose action.

Historia her dreiar seg omkring eit samarbeid av våpensmugling mellom Rupert Thorne, pingvinmannen og Carlton Duquesne. Brått dukkar Batwoman opp og køyrer ein hard kamp for å avsløre og stoppe smuglarane. Batman er også på sporet av desse kriminelle og må også finne ut kven Batwoman er.

Stil- og animasjonsmessig er det ingenting å utsette på denne filmen. Det er spenning i etterforskinga til Batman og i dei gjennomførte, eksplosive actionsekvensane. Kevin Conroy har sjølvsagt stemma til Batman og alt er fryd.

At eg ikkje sit å bit meg i leppa eller held meg fast i stolen er vel det som skil denne frå toppklassefilmar, men til animasjon å vere er denne oppe nær «Gotham Knight».

7/10

Batman Beyond: Return of the Joker (2000)

IMDb: 7.6/10 (2,993 votes)

«Batman Beyond» eller «Future Batman» er eit rart opplegg der Bruce Wayne er gjort til gammal mann og ein yngre person, Terry McGinnis, er gjort til Batman. Eg veit ikkje heilt om eg kan leve med denne tanken.

For meg vil alltid superheltar vere eit tidlaus greie, uansett kor mange år det går skal verken superheltane eller deira hemmelege identitetar eldast, miljøet knytt til dei kan tilpassast tida enten filmen eller teikneserien er laga i, men dette må behandlast med varsam hand. Me vil ikkje miste heilt grepet om miljøet helten blei skapt i.

I «Batman Beyond: Return of the Joker» og sikkert nok i den animerte tv-serien som filmen har spunne seg ut i frå, er det eit Gotham City 40 år fram i tid som møter augo våre, og det ser ikkje bra ut. For å sette tankane mine litt på plass, Gotham City er ein av dei viktigaste miljøa blant superheltar eg har litt tilknytning og kunnskap om, meir enn Metropolis har for Superman og New York har for Spider-Man. Det gjer meg vondt å sjå at i tillegg til at Bruce Wayne ikkje er Batman, at Gotham City er gjort til ei platt og futuristisk teiking i bakgrunnen av ein kamp som aldri kan bli den tenkte revansjen for Jokeren, nettopp på grunnlag av at andre folk står i rollane til våre kjente karakterar.

Så kvifor så raus i forhold til vurderinga? Tross skuffelsar som eigentleg grunnar ut i at eg stilte blank til konseptet «Batman Beyond» så er «Return of the Joker» ein eksplosiv liten animasjonsfilm som aldri står stille, som portretterar ein aldrande Bruce Wayne på ein måte eg kan tru på og som har den ekstra sprø vrien ved Jokeren som gjer han både underholdande og skremmande.

6/10