Lost sesong 2

Lost sesong 224 episodar.

Den andre sesongen av «Lost» har i litt for stor grad vore prega av fillers. Ein periode midt inne i sesongen gav eg faktisk opp å følge med fast, og måtte spare opp nokre episodar for i heile tatt å få glede av å sjå på serien. Sesongen starta ganske intensivt, og framleise tempoet frå sesong-finalen til første sesong i nokre episodar før det heile roa seg ned. Ikkje før det var rundt 4 episodar igjen av sesongen blei tempoet auka merkbart igjen.

Innhaldsmessig har serien utvikla seg til å sette større krav til sjåaren. Fleire og fleire uforklarlege ting har skjedd, og mange av dei har ikkje blitt tatt opp igjen. Sånn sett har denne sesongen vore litt frustrerande, sidan den nesten ikkje har gitt nokon forklaringar, men heller ting å undre over. Utan å avsløre noko kan eg nemne at sesongfinalen tek opp igjen ein del trådar, både frå første og andre sesong til publikums glede. Ein får nokon forklaringar, og nokon nye spor så ein kan prøve å tenke seg løysinga på ting sjølv. J. J. Abrams sa tidlegare i vår i eit intervju med TV.com at denne dobbelepisoden av ein finale skulle bli: «[The] Best. Finale. Ever.». Alle utsegn av denne typen er å ta med ei klype salt, men personleg tykkte eg likevel finalen i første sesong var betre. Det støre spørsmålet eg stiller no etter endt sesong er i kva grad den tredje sesongen blir fyllt med fillers.

Eg har verka litt vel kritisk i dette innlegget, men meinar framleis at serien er god og har mykje å komme med framover. Likevel har «Lost» for meg gått frå å vere ein av fjorårets beste seriar til å bli ein grei serie dette året. Eg er rimeleg open for kva som skjer neste sesong, og har planar om å fortsette å følge fast med på serien, om tempoet ikkje synk til det uutholdelege.

Lost sesong 1

25 episodar.

Lost season 1Serien avslutta innleiiande sesong med ein dobbelepisode, full med spenning og mykje som skjedde heile vegen var eg rett og slett litt paff, og sat igjen som eit einaste stort spørsmålsteikn. Eg kan ikkje unngå å tru at det må vere noko mystisk som føregår på/med øya, men det er også dei folka som er der, kva med dei? Kven er dei, og kva dei har føre seg er eit godt spørsmål. Kva er gøymt under luka?

Ein ting som er sikkert er at eg fekk lyst til å sjå sesong 2, noko eg reknar med var tanken bak denne episoden. Eg håpar berre eg får sjansen til å følge med på den, for skule må prioriterast. Eg har jo «Desperate Housewives», «Smallville» og «The O.C.» å sjå fram til og.