Party Down sesong 2

10 episodar.

Party Down er ein komedie frå Starz, frå mellom anna skaparen av Veronica Mars, Rob Thomas. Framfor kamera mangler det heller ikkje på kjente, som Adam Scott, Ryan Hansen, Martin Starr og Lizzy Caplan.

Då eg skreiv om første sesong var eg ikkje over meg av begeistring. Serien som handlar om eit team i catheringsselskapet Party Down, hadde mange kjente gjester, men tok aldri av. Dei fleste i teamet som får jobbar rundt om i Los Angeles, består av skodespelarar som går frå audition til audition. Store deler av grunnlaget for humor i serien spelar på kontrasten mellom drøymande og håpefulle unge i servicebransjen i forhold til det rike miljøet dei serverer for.

At andre sesong er betre enn første, kan ha med at humoren i fleire tilfelle verkar mykje drygare enn tidlegare. Eit portrett av ein kald og kynisk bransje, sett på spissen, men samtidig mogleg å ta til seg, får sterkare fram eit samhald i teamet frå Party Down. Dette bidreg til å skape eit sterkare band mellom episodane, som ikkje står på nokon historieark gjennom sesongen i utgangspunktet.

Det viser seg at det blei med to sesongar av Party Down, ein serie som trass i mange profilerte ansikt ikkje har blitt via så altfor mykje merksemd. Dette er synd når andre sesong i større grad enn første, som for all del var underhaldande den òg, i tilstrekkande grad underholdt og hadde det vesle ekstra som gjorde at den skilte seg ut.

Party Down sesong 1

10 episodar.

partydown«Veronica Mars»-skapar Rob Thomas m.fl. har samla cirka alle frå «Veronica Mars» i hovud- eller gjesterollar i «Party Down», ein serie om midlertidige servitørar i catheringbransjen på vent etter filmrollar. Denne Starz-komedien har den høgste tettleiken av kjente skodespelarar eg har sett i ein serie, men det forblir den einaste store greia med serien. Toppen eit par gullete gullkorn i kvar episode, og ingen særlege karakterar å bli spesielt interessert i, bortsett frå sjefen i serien, som har litt av Michael Scott i amerikanske «The Office» over seg. «Party Down» vil nok aldri bli den store serien.