Filmdagbok
ness
04-feb-2008
Comments Off
Comments Off

Gjensyn med nokre favorittar

Sideways (2004, Alexander Payne)

SidewaysMitt tredje møte med «Sideways» skil seg litt frå dei førre ved at eg er hakket meir oppdatert på vinsjargong og med handlinga vagt i minne kunne konsentrere meg meir om detaljar. Dette er fortsatt ein fantastisk film og ein eg gjerne kan sjå igjen, karakterane er humane og Paul Giamatti er perfekt som deprimert vinelskar og forfattar, sidekicket gestalta av Thomas Haden Church er vel så viktig som motstykke til Giamatti som han er den livlege i filmen. Plasseringa av filmen i California tilfører ein varme til ein film som like gjerne kunne ha blitt tragisk om satt til kalde austkysten. Anbefalt.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Brick (2005, Rian Johnson)

Brick«Brick» er ein ungdoms neo-noir med eigne vriar for å sleppe unna forhåndsdømming og samanlikning med klassisk film-noir. Som lågbudsjetts indiefilm ($500.000) kan den stolt konkurrere med kva som helst av dyrare film innan utføring. Gjensynet mitt var berikande og gav innsikt eg tidlegare mista. «Brick» kan sjåast på ulike måtar, personleg likar eg den som seriøs ungdomsfilm med kul slang, den har meir å by på for spesielt interesserte, som f.eks. om du skulle like å sjå likheiter til film-noir. Inntrykket eg har skapt i ettertid av første vising år tilbakes var vanskeleg å nå opp til, min logiske sans tilseier at eg kanskje ikkje likte den så godt som eg hugsa, og at eg difor likte den like godt denne gongen, puh. Eg anbefalar denne gjerne til dei som er på jakt etter noko friskt, smart og litt annleis.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

28 Days Later… (2002, Danny Boyle)

28 Days Later… (2002)Cillian Murphy vakna opp splitter naken i ei sjukehusseng, lite veit han at England er folketomt etter virus har gjort menn til zombiar, elles hadde han brukt meir tid på å tenke tryggheit enn å sprade rundt i bar rompe og drikke Pepsi. Men no skal ikkje dette dreie seg for mykje om Murphy, sjølv om han etter kvart har utvikla seg til å bli ein personleg favoritt på andre grunnlag enn naturisttendensar i «28 Days Later…» Filmen er stilig utført, folketomme gater i stor skala som faktisk ser ekte ut, takka vere DV matcha bilde innhaldet. Rå zombiar blir aldri forsøkt gjort til anna enn rein ondskap her, friskt. For andre gong er dette ein film eg set stor pris på, med nok blod, nok historie og eit jamnt handlingsforløp. Eit av dei betre i sin sjanger etter årtusenskifte vil eg påstå.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Serenity (2005, Joss Whedon)

Serenity (2005)Ikkje alle filmar kan halde stand ved eit gjensyn, gudebilde av «Serenity» rakna smått for meg vel to år etter første møte. Den gongen kom eg rett frå «Firefly», men med tida har den brune frakken falma og det bar altså gjensynet med «Serenity» preg av. Tolk meg ikkje feil, eg synst fortsatt det er ein storarta film, men la merke at mange ting gjekk meg hus forbi rett og slett fordi hukommelsesenteret tidlegare via til «Firefly» var noko redusert. Dette bunna ut i at enkelte deler til fordel for «Serenity» som film kunne ha blitt kutta ut eller gjort tydlegare for «vanlege folk». Men nok om det, for utan pirket er dette ein storveges actionprega scifi-western med sabla god humor, originalitet som det held, Nathan Fillion er og blir eit forbilde. Det blir berre ørlite for langdryge for utanforståande og senile brunfrakkar. Sjå «Firefly» først du, om du ønske ei fin stund!

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
23-okt-2007
Comments Off
Comments Off

The Beach (2000)

User Rating: 6.0/10 (28,804 votes)

The BeachRichard (Leonardo DiCaprio) vil oppleve spenning, reiser til Thailand, møter Daffy (Robert Carlyle), får eit kart som viser vegen til drøymestronda, tek med seg eit fransk kjærestepar, reiser dit, møter litt trøbbel på vegen, finn eit lite paradis beståande av unge folk frå vestlege land, hamnar etter kvart i trøbbel, m.m.

Danny Boyle gir oss ein film som fangar tida den kom ut i på ein god måte, med dåtidas populære musikk som eg veldig mykje kjenner igjen, unge menneske med eit vridd bilde av kva verda kan bli, den brutale realiteten som dei må konfrontere, på ein smått overfladisk måte med ein hovudrolleinnhavar som i ettertid har vist seg å kunne gjere langt betre.

«The Beach» er litt for dramatisk, ein smule for tøff og romantiserar eit hakk for mykje til at eg vil ta den for god fisk. Den hamnar litt over på sida over filmar som prøver for hardt utan å heilt få det til, samtidig som den har manglar, i løpet av innleiinga får «The Beach» preg av å oppsummere eit handlingsforløp framfor å innvolvere karakterar på fangande vis.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
04-mai-2007

Sunshine (2007)

User Rating: 7.0/10 (7,407 votes)

SunshineMed relativt låge forventingar var det eg reiste for å sjå «Sunshine, i trua på at det var ein popcornfilm (vurdert frå filmtraileren). At eg skulle sjå den hadde mest med at Danny Boyle laga «28 Days Later…»

I «Sunshine» har sola byrja å slokne, ei gruppe på 8 er på veg dit med ei gigantisk sprengladning som skal danne ei ny stjerne av den gamle. Drøy plotline kanskje, men du verden så effektivt det kan vere å basere ein film på sola.

Me slepp alt fiksfakseriet som skjer før Ikaros 2, romfartøyet folka befinn seg i, har komme dit der filmen startar. Eit pluss på manussida (må nemne Alex Garland her, som har jobba med Danny Boyle tidlegare.), for det kunne fort blitt A4 i sjangersamanheng. Eg tenker med gru om «Sunshine» hadde hatt ei lang opning lik «Deep Impact» og «Armageddon», det har heldigvis ikkje skjedd.

Sola har mykje å sei inntrykket mitt av filmen. Banalt sagt har eg respekt for sola, og får frysningar (!) av å tenke på det å skulle vere så nær stjerna som Ikaros 2 er. Å sitte ei rad for langt framme i kinosalen bidrog óg til ei sterk opplevelse.

Boyle har unngått å dra fyre opp under stereotypane. Snev av klisjear vil det nok vere, men Ikaros 2 har sin eigen psykolog ombord, og folka held seg nok i sjakk til at det ikkje blir dumt. Dei er jo eit team som skal redde verden (ja, klisjé), og det er ikkje kven som helst som kan ha blitt utvalt til eit slikt oppdrag.

Sunshine room

Filmmusikken var kraftig og satte god stemning på eit visuelt vakkert bilde. Den føltes akkurat passe nyskapande og gav ein intensiv giv. Eg vil ikkje karakterisere «Sunshine» som nokon revolusjon, men som med «28 Days Later…» klarar Boyle å skape noko som iallfall virka litt nytt.

Avslutningsvis vil eg trekke inn at faktafeila i filmen blei observert, men ikkje lagt vekt på. Stillheit er eit mektig verkemiddel, men det har vel noko med å skulle nå ut til litt fleire når det blir lagt lyd i vakuum. Og slutten, den var utruleg fin, om ein er open for litt surrealisme.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
01-apr-2007
Comments Off
Comments Off

28 Days Later… (2002)

28 days later…User Rating: 7.3/10 (40,556 votes)

Eg har ein fasinasjon for tomme byar. Eller kanskje tomme område generelt, der det eigentleg er meint å vere menneske, men altså er heilt stille. Det har noko med at mangelen på liv får meg til å sjå det som det eigentleg er. Forlatte område har ei historie bak seg om korleis ting blei slik.

Det var nettopp dette som gjorde at eg fatta interesse for «28 Days Later…», der ein ung herremann ved namn Jim (Cillian Murphy) vaknar opp til eit folketomt London. Heilt folketomt er det ikkje, omkring lurer det virusinfiserte menneske - veldig klar til å drepe!

Når eg seier at Jim snart møter på eit par andre, som han saman med må prøve å overleve med, så høyres det kanskje kjent ut. Tilgongen til zombiefilmar med ein lik hovudtråd er langt i frå liten. Erfaringa mi er derimot at det er få som skil seg ut som veldig gode. (Eg seier ikkje at det ikkje finst!).

Det som gjer at «28 Days Later…» skil seg ut, vel, det er eg ikkje hundre prosent sikker på. Men at den ikkje berre handlar om å slakte er ein grunn. At den er skitten framfor glattpolert er ein anna. Soundtracket er eit av dei betre eg har høyrt i det siste. Filmen er britisk, og humor i britisk film føles/er gjerne meir jordnært. Rollefigurane er ikkje berre rollefigurar, men óg menneske, fleksible i historia sådan.

Så er eg tilbake til det folketomme England. Kvar nye scene i stor skala, utan teikn til liv, minna meg på spørsmålet “kva om…?”. Når tankane vandrar på denne måten blir eg gjerne ekstra glad over filmen eg ser.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10