סרטים
Mellom utfluktar, bading/soling, god mat og ikkje minst god drikke under eit tovekers opphald i Israel, var det greitt med litt air-condition . Som ei avveksling til 35-40 varmegrader. Ved sidan av kino og dvd er ikkje israelsk satelitt-tv det verste, om ein ser bort i frå hebraisk undertekst og tv som køyrte alt i pan & scan (4:3). Eg klarte altså ikkje halde meg unna film i ferien med og hjå venner i det heilage landet.
Eit gjensyn som aldri ville ha skjedd på DVD. «Red Eye» var venteresept den siste morgonen i Tel Aviv. Ein by som forutan ei hav av butikkar og nydelege strender spreidd over lange gåavstandar har skuffande utval av større filmsjapper.
Ingenting nytt er å finne frå forrige gong. Filmen er enkel, på grensa til platt. Spenninga er lite tilstadeverande og det heile virkar å vere laga etter ei god gammal oppskrift.
Cillian Murphy gjer rolla som får «Red Eye» opp på eit greitt nivå innan thrillerar, og er ein skodespelar eg allereie har vore merksam på i den grad at dei fleste filmane han er med i blir interessante. Elles er det ingenting spesielt å hente her.
Det er vanskeleg å halde augene unna ein film som «Spider-Man 3» på ei elles så kjedeleg flyreise. Forutan delen med Bruce Campbell som fransk restauranttilsett, som var meir morosam denne gongen (enn første gong eg såg filmen), er ikkje dette rare greiene.
Tobey Maguire er på kanten til flau å sjå på. Enkelte stader her er nok det meininga, med det forandrar ikkje mi meining særleg. Utan flotte kampscener i forrykande CG samt ei og anna morosam frase sit eg fortsatt med ein bismak i munnen etter å ha sett denne for andre gong. Eg saknar eit mål for filmen. Den virkar som fleire episodar frå ein tv-serie med påkosta budjsett.
«Harold & Kumar Go to White Castle» har utvikla seg til å bli ein film eg gjerne ser igjen. Stadig like morosam utmerkar marijuanaeventyret til to unge, svoltne amerikanarar seg som ein godbit i sjangeren sin.
«Harold & Kumar» har dessutan skjulte og mindre skjulte referansar, samt både B- og C-kjendisar ein stiftar bekjentskap med mellom gjensyn og får augene opp for. Viktige ingrediensar for denne type film.
Ei anna viktig side er at «Harold & Kumar» held god balanse mellom realisme og surrealisme, berre eit par småscener blir for mykje av det gode. Men så er det jo ein komedie sterkt påvirka av marijuana, så meininga er nok heile tiden å utfordre publikum til fordel for humoren.
«Ratatouille» er utan tvil eit briljant stykke animasjonsfilm frå Disney Pixar. Ei rotte med sansen for kokkekunst befinn seg i mat- og restaurantmekkaet Paris viser seg å fungere godt på film.
I botnen anar eg typiske Disneyingrediensar og moral, men oppbygginga er fersk nok og tempoet friskt, utan ein liten og småkjedeleg bit midt i (sett i forhold til resten av filmen). Eit utval jakt-til-beins sekvensar sit som spikra og er favorittdelane mine frå filmen.
Sjarmen og humoren er skrudd på maks. Alt i alt endar dette opp som min andre favoritt Pixarfilm ved sidan av «Cars», og ein sterk kanditat til årets personlege animasjonsfilmfavoritt. Denne må sjåast!
Mel Gibson og Julia Roberts i «Conspiracy Theory», ein romantisk thriller med sterke humoristiske element. Gibson sin karakter er ein høgst paranoid person med ei usunn interesse for konspirasjonteoriar.
Naturleg nok rotar han seg bort i noko stort som involverar mektige menn. Likheitene med «Payback» på eit lågare nivå er til stor glede, grunna Brian Helgeland sin innsats på manuset.
Men «Conspiracy Theory» er i mykje større grad drive av humor og eit hav av one-liners: «I’m only paranoid because they want me dead.» Ikkje den filmen som vil bli hugsa for å vere best, men den er likevel god underholdning til tross for at Gibson kan vere litt i meste laget her.
«Conspiracy Theory» er dog ingen A4 film når det gjeld utviklinga heller, den har sine vriar og vendingar som fyller svært godt ut dei to timane den varer. Eg kjedar meg aldri.
Jackie Chan og Owen Wilson kjempar seg med basketak gjennom den ville vesten i «Shanghai Noon». Brett Ratner skal ha kudos for å ha fått Chan tilbake til USA med «Rush Hour» (men han står ikkje bak denne), som første film sidan «Cannonball Run» frå 1981.
For Chan har ein del morosame filmar med rå slossing der han brukar stort sett alt han kan finne rundt seg. Om ikkje anna enn enkel, kommersiell komedie, humoren reddar underhaldinga i hamn. Ingenting spesielt var å forvente her, så filmen er absolutt godkjent i den forstand.
Owen Wilson er nok ein person som dei fleste har eit hat-eller-elsk forhold til. Hjå meg er han ein av dei definitive favorittane innan den såkalla frat pack-gjengen, og er seg sjølv så godt som fullverdig også i denne filmen.



(2 hittil)