Suspiria (1977)
User Rating: 7.2/10 (5,961 votes)
Dario Argento er kjent for å lage ein del filmar i gialloformatet. Suspiria er ein av filmane hans som kom etter gialloperioden, og høyrer til dei “overnaturlege åra” hans.
Suzy Bannion kjem til Tyskland for å studere på ein god danseskule der ikkje alt er som det skal vere. Den kvelden ho kjem ser ho ei av elevane komme ut døra på skulen, for så å forsvinne ut i skogen. Neste dag blir denne eleven funne død. Når Suzy har fått flytta inn på eige rom og komme i gong med skulen blir ho brått veldig uvel, og må få servert middag på rommet.
Dette er så langt eg vil fortelle, så eg ikkje øydelegg opplevinga i alle dei rare tinga som skjer etter kvart. Musikken er av typen veldig nervepirrande, og er framført av Goblin, eit italiensk band som spelar/spelte progressiv rock, og som blant anna laga musikken til Deep Red (Profondo Rosso). Bruken av kamera er utruleg godt gjennomført, i bruken av utsnitt og ikkje minst den sterke fargebruken, eit stort pluss der. Uansett situasjon så spelar musikken og kamera ei fantastisk god rolle. Ei scene heilt i starten når det blir fokusert på motoren på ei automatisk skyvedør fekk meg nesten til å fryse nedover ryggen i fryd. Det må opplevast for å bli fortstått!
Horrorfilmar er ikkje noko eg generelt er så oppmerksom på, men Suspiria har eg lenge hatt i tankane etter å ha blitt tipsa av ein giallofrelst. No sa eg at Suspiria ikkje var ein typisk giallo, men den er fortsatt gjennomtrengande.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

(3 hittil)