The Fountain (2006)

IMDb: 7.6/10 (33,138 votes)

The FountainDarren Aronofsky er eit populært namn innan film frå det siste tiåret, takka vere «Requiem for a Dream». Færre har sett «Pi», utan å ha lidd noko tap. Seks år er gått sidan «Requiem for a Dream», så forventingane til «The Fountain» var store blant mange. Personleg var eg, kanskje pga. «Pi», skeptisk til filmskaparen sitt mest dagsaktuelle verk.

Hugh Jackman og Rachel Weisz spelar Tom og Izzi i ein særdeles vakkert usjåande film om tid og evig liv. Aronofsky bestemte at spesialeffektane ikkje skulle bestå av dataanimasjonar. I staden blei mikrofotografi frå kjemiske reaksjonar, med positivt utslag, nytta. «The Fountain» er annleis enn anna moderne film. Varm og ekte framfor kald og kunstig, kanskje den vil tåle tidens tann betre på grunn av dette. Laga av ein med tydeleg auge for detalj, utan å bli eit kjenslelaust perfeksjonisitisk arbeid.

Etter slike godord kjem det nok ikkje som ei overrasking at eg likte «The Fountain». Utfordrande og stort rom for ulik tolking, men likevel fattbar i filmen si litt rare eller krevande innleiing. Både historia bak filmen, som opprinneleg vart påbyrja med Brad Pitt, Cate Blanchett og eit 75 millionar dollars budsjett i 2002, avlyst og byrja på igjen i 2004 med eit budsjett på under halvparten, og ein nitidig produksjon som det kjem fram av i filmen, er med på å gi djubde til ein samanfatta film.

«The Fountain» er ikkje heilt perfekt. Vakker historie, vakkert bilde og vakker musikk, den store gnista i personane manglar. Jackman og Weisz viser seg som fantastiske skodespelarar, som dei mange nærbilda er bevis på. Det er måten filmen er bygd opp på, med fokus på så mykje vakkert, som gjer at personane i blant hamnar i bakgrunnen. Litt som med «Curse of the Golden Flower», men berre ein brøkdel så mykje som i den.

Så kva var det «The Fountain» handla om? Eg har unngått å gå innpå det her. Historia filmen byr på er det like godt å ikkje vite noko spesielt om, så lenge du veit kva type film du går til. Kva type er så dette? Litt kunsternisk, filosofisk, varm og med kjensler, fattbart handlingsforløp, poetisk. Vakker.

8/10

Requiem for a Dream (2000)

IMDb: 8.4/10 (75,414 votes)

Darren Aronofsky bankar på døra med ny film om dagen. «The Fountain» med sine nydelege estetiske spesialeffektar, etter traileren å dømme, har nyleg hatt amerikansk kinopremiere og kom ut av premierehelga på ein kanskje skuffande 10. plass.

Men innlegget skal ikkje handle om «The Fountain», ei heller om «Pi» som står i sterk kontrast med sitt grovkorna svart/kvitt 8mm bilde, og som var Aronofskys film før «Requiem for a Dream». Det hjelp derimot å nemne desse for å plassere stilen til filmen, som er ein mellomting mellom det kalde perfekte digitale i «The Fountain» og det gråtona og grove i «Pi».

«Requiem for a Dream» er eit nydeleg stykke arbeid. Den er teknisk brilliant og har eit stemninsfullt lydspor dominert av fiolin. Og om ikkje historia om dei ulykkelege skapningane i dei tragiske situasjonane blir for deprimerande, så er det faktisk litt skjult humor å finne her. Aronofsky tek omm avhengigheitsproblem på ulike måtar, med det største fokuset på narkotiske stoff. Men om ein er van med at slike narkofilmar gir ei rein skildring av ein nord-og-ned historie, så pustar «Requiem for a Dream» litt betre. Det ser ikkje akkurat lyst ut her heller, men opplevelsen er så mykje rikare når karakterane har ein slags grunn for misbruket sitt.

7/10