Daniel E. «Rudy» Ruettiger var den tredje av 14 i ein søskenflokk. Heilt i frå barndommen av var draumen hans å spele for Notre Dame Fighting Irish, eit annarkjent amerikansk fotballag i collegeligaen. Heile vegen var det ingen som trudde han kunne klare det, etter kvart som han vaks opp til å bli knappe 170cm høg og rundt 75kg (godt under gjennomsnittet blant am. fotballspelarar) var det desto færre som trudde på han.
«Rudy» er av typen hjartevarmande og inspirerande film, om ein liten fyr (Sean Astin) som er fullt ut besatt pÃ¥ Ã¥ følge draumen sin og spele for Notre Dame. Skildringa av motgongen tek opp ein stor del av filmen og er den beste delen, nÃ¥r ting endrar seg, for det gjer dei — dette er ingen film som tek uventa retningar, blir det smurt sÃ¥ altfor tjukt pÃ¥ med musikk som skal røre at eg fÃ¥r frysningar oppover ryggen pÃ¥ ein dÃ¥rleg mÃ¥te. Ein av dei verste tinga med filmen er ein sekvens der spelarane til Notre Dame stÃ¥r opp for Rudy mot trenaren sin, og i denne filmatiseringa av ei sann historie er denne fullstendig unødvendige vrien faktisk reint oppspinn, det var langt i frÃ¥ slik ting skjedde pÃ¥ det tidspunktet.
Men altså, «Rudy» har mykje godt for seg, ei inspirerande historie utan tvil. Der det ikkje blir for mykje klarar den og å vere eit delvis rørande og varm drama. Sean Astin går inn i karakteren sin og passar godt som den smådumme, vesle fyren med stort hjarte. Litt som hobbiten han er i «Lord of the Rings».
