The Sopranos sesong 6
21 episodar.
Den første tv-serien som gjorde meg verkeleg interessert for tv-seriar er avrunda. Visstnok for godt denne gongen. Dei som har fulgt serien nokre år kjenner nok til dei opprinnelege planane om å avslutte etter både 4. og 5. sesong.
Sesong 6 har blitt sendt i to omgongar, der dei første 12 episodane rulla over skjermen på vårparten i fjor, og dei resterande 9 episodane nyleg har blitt sendt. Eg skreiv tidlegare om første del, viss innhald i teksten kan oppsummerast som hovudsakleg negativ. Det var bedrøvande og kjedeleg. Ein serie skal ha lov å utvikle seg, utforske nye måtar å uttrykke seg på. «The Sopranos» var lenge ein frisk serie som tydde til slike metodar, men beholdt alltid det vesle ekstra som gav dette giv. Dette forsvann så utover femte sesong, og kom ikkje tilbake før i dei siste episodane av sjette.
Eg må sei meg fornøgd med avrundinga, det var fleire gode episodar opp mot slutten. Dei avslutta verdig med å gå tilbake til det gamle tempoet. Forutan dette vil eg ikkje sei stort meir, men har ein blitt skuffa tidlegare vil nok det å fullføre løpet vege opp igjen litt.

13 episodar.
(0 hittil)